
Er du ei av dei nye deltakarane i leiartreningsprogrammet Women in Tech?
Den som pregar teknologien, pregar framtida. Er du kvinne og jobbar med teknologi på Vestlandet? Då kan du få skreddarsydd og inspirerande leiartrening.
Målet for kurset er at du som deltakar skal få fleire verktøy for å styrke dine ferdigheiter innan strategisk historieforteljing og gjennomslagskraft. Samlingane vil gje deg fagleg påfyll, praktisk trening og eit nettverk av andre, kunnskapsrike teknologar.
Kurset er for kvinner på Vestlandet som jobbar med teknologi, ønsker å utvikle seg og er eller har ambisjonar om å vere leiar.
Dette får du som deltakar:
- Individuell coaching av Sarah Cartwright
- Utvida perspektiv på rolla som leiar på teknologifeltet
- Trening i å styrke din posisjon og di gjennomslagskraft som leiar
- Innsikt i eigne styrkar og eigen motivasjon
- Eit større nettverk av andre, kunnskapsrike kvinner som satsar i teknologibransjen
På Women in Tech får deltakarne relevant kunnskap, ferdigheiter og eit nettverk som vil gjere deira gjennomslagskraft enno sterkare.
Siren Sundland, initiativtaker og styreleiar i Agenda Vestlandet
Kurshaldar Sarah Cartwright
Leiartrenar Sarah Cartwright er busett i London, og er ein av dei fremste spesialistane på kultur, kommunikasjon og prestasjon innan teknologifeltet. Ho leier det seks månader lange kurset, og deltakarane vil få individuell coaching og rettleiing frå henne undervegs.
Kundelista hennar inkluderer Oljefondet, BBC, Louis Vuitton, Goldman Sachs, Barclays og Microsoft. Cartwright er ein av grunnleggarane av Verve Women, ein organisasjon som set søkjelys på kvinnelege leiarar innan teknologi.
– Women in Tech er utvikla for å styrkje deg og løfte karrieren din. Å få ein av dei få plassane på programmet er ei unik moglegheit, og vi ønskjer deltakarar som verkeleg satsar på si eiga utvikling. Det krevst meir enn å berre møte opp på samlingar – det handlar om å engasjere seg aktivt, investere tid og energi, og bidra til eit levande nettverk. Jo meir du legg inn, jo meir får du att, seier Sarah Cartwright.

Kurshaldar Sarah Cartwright trenar leiarar verda over, og har eit særleg hjarte for kvinner som jobbar med teknologi.

Kvifor treng vi Women in Tech?
Les om bakgrunnen for Women in Tech-programmet, og kva tidligare deltakarane syns.
Praktisk informasjon
Programmet har oppstart i løpet av januar, og blir avslutta i juni 2026. Det vert to grupper, med 12 kvinner per gruppe. I søknadskjemaet kan du velje kva datoar som passar best for deg.
Oppstart for gruppe 1: 19.–20. januar 2026
Inkludert middag etter dag 1.
Oppstart for gruppe 2: 21.–22. januar 2026
Inkludert middag etter dag 1.
Anna:
- Tre fysiske samlingsdagar i Jonsvollskvartalet i Bergen
- Fire digitale samlingar
- Kurset er gratis
- Program og coaching vil gå føre seg på engelsk. Du må derfor beherske engelsk for å få utbytte av programmet.
Women in Tech-programmet vert arrangert i Bergen og Kristiansand i 2026. Ønsker du meir info om programmet i Kristiansand? Klikk her.
Søknadsperiode: 6.–26. oktober 2025
Women in Tech er utvikla av Agenda Vestlandet. Programmet er støtta av Sparebanken Norge-stiftingane Agenda Vestlandet og Sør-fondet.

Har du spørsmål om Women in Tech?
Ta kontakt med prosjektleiar Oliver Barman på e-post eller telefon.
Agenda vestlandet
Våre initiativ
Vestlandsmeldinga
Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte
Næringsindeksen
Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet i Norge
Vestlandskonferansen
Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia