Agenda Vestlandet
Vil opne opp klimadebatten med Varmere Våtere Villere
Varmere Våtere Villere samlar studentar, næringslivstoppar, politikarar og gründerar til årleg klimadebatt på ein uformell og sosial arena. Agenda Vestlandet støttar festivalen, og målet er ein meir tilgjengeleg og inkluderande klimadebatt.
Av Agenda Vestlandet
Publisert: Invalid Date
Oppdatert: Invalid Date
Sparebanken Vest si stifting Agenda Vestlandet støttar festivalen med 1,5 millionar kroner, og målet er å gjere klimadebatten meir tilgjengeleg og inkluderande.
Klimafestivalen Varmere Våtere Villere er ein årleg festival som vart arrangert første gong i 2022. Festivalen skal vere ein stad der høg og lav diskuterer alt frå dei globale spørsmåla til meir kvardagslege handlingar, og deler kunnskap, meiningar og idear.

– Med festivalen håper vi å nå breiare ut enn klimadebatten gjerne gjer, og vi vil oppmode til kunnskapsbasert dialog, seier festivalsjef Vilde Blomhoff Pedersen.
Festivalen vert arrangert over tre dagar på ulike arenaer i Bergen, med program både på dagtid og kveldstid. Sparebanken Vest si stifting Agenda Vestlandet støttar festivalen med 1,5 millionar kroner.

– Det er heilt avgjerande med brei folkeleg mobilisering for å nå klimamåla, også her i vest. Agenda Vestlandet støttar difor heilhjarta opp om Varmare Våtare Villare, då vi trur at nøkkelen ligg i å finne saman og i å snakke saman.
Det seier Frode Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet.
Festivalen bygger på tradisjonar for både festival og klimaforsking i vestlandsregionen, forklarer Blomhoff Pedersen.
– Vestlandet er ein region med ein fantastisk festivalkultur, og det er også eit kunnskapssentrum når det gjeld klimaforsking. Det er difor heilt naturleg å legge festivalen her, seier ho.

Agenda vestlandet