
Kysten vår
Rydda heile Hardanger-fjorden på berre ein dag
Av Agenda Vestlandet
Publisert: Invalid Date
Oppdatert: Invalid Date
Målet med prosjektet har vore å få plass ein modell for korleis ein kan rydde fjordar i Noreg og globalt.
Mobiliserte heile samfunnet
– Vi har med oss mellom 70-100 båtar, 11 oppdrettsselskap, mange i frå næringslivet, frå akademia, direktorat og universitet, seier Kenneth Bruvik i Framtidshavet, initiativtakar bak aksjonen.
– Det gjer at vi har mogelegheit til å finne løysingane i lag, slik at vi kan stoppe plasten frå å nå ut i naturen, fortsett Bruvik.
Fekk støtte av Agenda Vestlandet
Agenda Vestlandet støttar prosjektet med 500.000 kronar. Eit av dei to satsingsområda for Agenda Vestlandet, Kysten vår, handlar om korleis vi tek vare på naturen her på Vestlandet. Rydding av plast er ein av hovudsatsingane i programmet. – Funnet av plastkvalen på Sotra i 2017 gjorde at problemet var ut allmenn kjent. Bruken av plast er framleis aukande, difor er slike folkelege mobiliseringar viktige for å få bukt med problemet, seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet.
Du kan følgje prosjektet på Rein Hardangerfjord. Og alle ryddeaksjonane vert meldt inn i det nasjonale ryddeportalen, RYDDE.
Ein modell andre kan læra av
– Eg er import over den enorme mobiliseringa Framtidshavet har fått til saman med regionråda i Hardanger og Sunnhordland og kommunane langs fjorden, seier Frode Nergaard Fjeldstad.
– Framtidshavet har med dette prosjektet vist korleis ein kan skape ein bevegelse som engasjerer heile samfunnet. Det er nøkkelen for å lukkast med å løyse plastproblemet, avsluttar Nergaard Fjeldstad.
Agenda vestlandet