
One Ocean Expedition
Utrusta Statsraaden til forskingsskip
I nesten to år har Statsraad Lehmkuhl segla jorda rundt i forskinga si teneste, og gitt både minner for livet og uvurderleg kunnskap om havet.
Av Torhild Dahl
Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: Invalid Date
Oppdatert: Invalid Date
Etter å ha kryssa dei sju hav fortøyer Statsraad Lehmkuhl no i Bergen. Den stolte gamle skuta har lagt bak seg 55 000 nautiske mil og besøkt 36 hamner kloden rundt under ei nesten to år lang jordomsegling.
Sentralt for livet på jorda
Havet er heilt sentralt for livet på jorda, og vi treng å vite meir om det. Forsuring, overfiske, forsøpling, mikroplast, tap av biodiversitet og klimaendringar,- havet er truga frå mange hald.
Samtidig står havet for løysingar som kan gi mat til ei veksande befolkning, gi fornybar energi, lagre karbon og gi berekraftige arbeidsplassar.
Målet med One Ocean Expedition har vore å skape merksemd om havet og dele kunnskap om kor viktig havet er for ei berekraftig framtid.

Moderne utstyr på gamal skute
Gjennom stiftinga Agenda Vestlandet utrusta Sparebanken Vest den gamle seglskuta med mykje av utstyret som gjorde skipet om til eit opplærings- og forskingsskip, og vi støtta studentar om bord.Kunnskap er nøkkelen for å finne løysingane for framtida.
Har du spørsmål om Agenda Vestlandet?
Vi hjelper deg frå ide til handling. Ta kontakt med dagleg leiar Frode Nergaard Fjeldstad på epost eller telefon.
Agenda vestlandet