
Agenda Vestlandet
FUTURE PROOF får to millionar frå Agenda Vestlandet
FUTURE PROOF skal hjelpe næringslivet på Vestlandet å etterleve sitt ansvar for menneskerettane. – No må alle bedrifter jobbe med menneskerettane, seier Margunn Minne, styremedlem i Agenda Vestlandet og konsernsjef for BM Sør i Sparebanken Vest.
Av:
Torhild Dahl
,På vegne av Agenda Vestlandet delte Minne ut 2 millionar kroner til FUTURE PROOF-prosjektet i regi av Raftostiftelsen.
Må kunne dokumentere i heile verdikjeda
Stortinget har nettopp vedteken ein openheitslov der bedriftene må kunne dokumentere korleis dei handterer grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.
– Lova skal sikra openheit i heile leverandørkjeda, og det kan vere krevjande å følgje med på for mange små og mellomstore bedrifter, nettopp difor treng vi initiativ som FUTURE PROOF som framskundar prosessen, seier Minne.
– Det handlar om å vere i forkant, påpeiker ho.
Arbeidet med menneskerettane vert stadig viktigare i næringslivet.
Jostein Kobbeltvedt, dagleg leiar i Raftostiftelsen
– Raftostiftelsen er svært takksam for at Sparebanken Vest vert med i FUTURE-PROOF, og at Agenda Vestlandet går inn med viktig støtte til denne satsinga. Arbeidet med menneskerettane vert stadig viktigare i næringslivet, og gjennom FUTURE-PROOF skal vi bidra til dette, seier Jostein Kobbeltvedt, dagleg leiar i Raftostiftelsen.
Sparebanken Vest signerer FUTURE PROOF-plakaten
– Sparebanken Vest har arbeidd systematisk med berekraft over fleire år, ved å signere FUTURE-PROOF-plaktaten forpliktar vi banken til å jobbe meir systematisk med menneskerettane i vår eigen verdikjede, seier Minne.
Agenda vestlandet
Våre initiativ
Vestlandsmeldinga
Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte
Vestlandsindeksen
Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet
Vestlandskonferansen
Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia