Hopp til hovedinnholdet
Ida Nordvik

Diskriminering sløser talent

108 000 menneske med funksjonsnedsetting står ufrivillig utan arbeid samtidig som arbeidslivet skrik etter folk og kompetanse. –Ein går glipp av enorme ressursar, seier Ida Nordvik, leiar av regionsavdelinga til Norges Handikapforbund Ungdom.  

Av Torhild Dahl

Kommunikasjonsrådgiver

– Det er eit stort paradoks at så mange med funksjonsnedsetting ikkje slepp inn i arbeidslivet, samtidig som arbeidsgjevarane seier dei manglar folk. Her er det utruleg mange flinke folk som bedriftene hadde hatt bruk for, og de må slutte å sløse vekk talenta! 


Det seier Ida Nordvik, leiar av Norges Handikapforbund Sørvest Ungdom.  

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser nemleg at berre 40 % av funksjonsnedsette er i jobb, mot 70 % i resten av befolkninga, og at heile 108 000 menneske med funksjonsnedsetting står ufrivillig utan arbeid. 

Må søkje dobbelt så mange jobbar

Eit fullsett frukostmøte i Bergen inviterte nyleg næringsliv og interesseorganisasjonar for funksjonsnedsette, til å diskutere korleis utnytte dei tilgjengelege ressursane betre og bryte ned barrierane.


Der vart det lagt fram ein studie frå OsloMet som viser at ein person med fysisk funksjonsnedsetting må søkje dobbelt så mange jobbar enn andre før han får napp. Studien viser også at arbeidsgivarar sine fordomsfulle haldningar er ein større barriere enn manglande fysisk tilrettelegging.


– Det er ingen tvil om at diskriminerande haldningar skaper betydelege barrierar i arbeidslivet for folk med funksjonsnedsetting. Mest vanlege er ideen om at arbeidstakaren ikkje vil vere like produktiv som andre, samt redsel for at personen ikkje vil passe inn sosialt, seier forskar Kaja Østerud. 

Mange hindringar før starten på arbeidslivet

Berre 38% av unge med funksjonsnedsetting gjennomfører vidaregåande skule, og enda færre tek høgare utdanning. Ida Nordvik brukar sjølv rullestol, og er midt i utdanningsløpet for ein bachelor i innovasjon og prosjektleiing. Ho hevdar barrierane er nesten større gjennom barndom og studietid, enn når ein når så langt som til vaksenlivet.


– Utdanningsinstitusjonane er veldig opptekne av at ein må vere fysisk til stades, medan næringslivet til ein viss grad har lært av pandemien. No i vinter måtte eg til dømes vere heime ei heil veke på grunn av at det ikkje var brøyta godt nok, og eg gjekk glipp av undervisning. Eg er sikker på at dei fleste arbeidsgjevarar ville klart å lage ei digital løysing, seier ho. 


Ida Nordvik

Foto: Magnus Skrede

– Heilt sidan eg starta på skulen har eg kjempa ein kamp for å få lik tilgang til kompetanse som alle andre. Ein er heilt prisgitt dei ressursane som ein har rundt seg. Om ein klarer å kome seg inn i arbeidslivet så møter ein i alle fall på nokon som har ekte interesse av at du skal fungere i rolla.


Nordvik si erfaring er at det ofte er lite som skal til for at ting skal fungere.


– Kanskje treng arbeidsgjevar berre å skaffe ein tilpassa stol, eller plass til ein assistent, eller litt fleksibel arbeidstid. Det er ikkje så vanskeleg, seier ho.

Heilt sidan eg starta på skulen har eg kjempa ein kamp for å få lik tilgang til kompetanse som alle andre.

-

Ida Nordvik, leiar av Norges Handikapforbund Sørvest Ungdom. 

Handling endrar haldning

Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet og konserndirektør i Sparebanken Vest, tok initiativ til frukostmøtet om talent og inkludering. I fjor sommar engasjerte ho Nordvik til å skrive ein rapport om kva som må til for å nå målet om full likestilling på dette området. Sundland meiner eit einsidig fokus på haldningsarbeid ikkje vil gje nødvendig endring, og at synleg og konkret beste praksis vil ha større oppside. 


– Det flyttar ingenting for dei som er diskriminerte og utestengt, om ikkje toppleiargrupper startar med å ta tak i dei strukturane som praktisk står i vegen for meir inkluderande rekruttering. Dei aller fleste selskap har for lengst anerkjent at inkludering er viktig, utan å kunne vise til sterke nok resultat. Eg trur handling kjem først, fordi våre handlingar endrar våre haldningar veldig effektivt, seier ho.

Siren

Sundland legg difor vekt på at det offentlege gjere støtteordningar som fjernar risikoen for sjukdomsrelatert fråvær hos folk med fysiske og psykiske utfordringar enno meir tilgjengeleg.


– Vi må utvikle langt meir effektive samarbeidsmodellar mellom NAV, arbeidsgjevar og arbeidstakar. NAV må sikre saumlause, risikodempande tiltak, som gjer at kvalifiserte kandidatar slepp å bere risikoen for større fråvær og kan bruke sin fulle arbeidskapasitet på like premiss som kandidatar utan funksjonsnedsetting.

Unike erfaringar og kvalitetar

Ida Nordvik rådar unge som er i same situasjon som henne sjølv, til å legge større vekt på kva ein får til, enn på kva som held ein tilbake. 


– Eg kan ikkje gå 7- fjells turen, men eg har sterkare musklar i armane enn dei fleste. Denne eigenskapen fekk meg heilt til NM i styrkeløft! Og heilt sidan eg var 14 år har eg vore leiar for assistentane mine. Dette har gitt meg leiarerfaring som ikkje så mange andre unge har. Mitt råd er å finne ut kva ein er god på, og gjere meir av det. 


Nordvik har også eit råd til arbeidsgivarar som kvir seg for å gå inn i ukjent terreng.


– De skal vite at folk med funksjonsnedsetting alltid har måtte klare seg sjølve, og at vi difor ofte er dei mest løysingsorienterte og fleksible folka. Dette kan fort bli ein kvalitet bedrifta di treng i åra framover, seier ho. 

 

Frode Nergaard Fjellstad

Har du spørsmål om Agenda Vestlandet?

Vi hjelper deg frå ide til handling. Ta kontakt med dagleg leiar Frode Nergaard Fjeldstad på epost eller telefon.

Agenda vestlandet

Våre initiativ

vestlandsmeldingen ikon

Vestlandsmeldinga

Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte

Prognose for fremtida
Vestlandsindeksen ikon

Vestlandsindeksen

Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet

Dei nyaste trendene
Vestlandskonferansen ikon

Vestlandskonferansen

Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia

Finn ut meir