Hopp til hovedinnholdet
Rein Hardangerfjord

Agenda Vestlandet

Får 2 millionar for å rydde fjordane

Hardangerfjorden og Sognefjorden skal ryddast for plast! I fjor vart meir enn 20 tonn plast plukka gjennom aksjonen Rein Hardangerfjord, og med støtte frå Agenda Vestlandet blir prosjektet no utvida.  

Av Torhild Dahl

Kommunikasjonsrådgiver

- Rein Hardangerfjord vart en kjempesuksess! Framtidshavet har gjennom «Rein Hardangerfjord» utvikla ein modell der heile samfunnet langs fjorden vert mobilisert for å rydde strendene effektivt for plast. Difor gir Agenda Vestlandet no 2 millionar nye kroner, slik at ein både kan rydde Hardangerfjorden, og begynne å planlegge å rydde verdas lengste fjord – Sognefjorden.  

Det seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet, en stiftelse oppretta av Sparebanken Vest.  

 

fremtidshavet

Mobiliserer frivillige 

Stiftinga Framtidshavet sette seg i 2022 som mål å rydde heile Hardangerfjorden for plastsøppel på berre ein dag. Gjennom pilotprosjektet Rein Hardangerfjord 2022 engasjerte dei frivillige, næringsliv, kommunar og organisasjonar både lokalt og regionalt til å verne om fjordane og naturen rundt. Over 2300 frivillige var med og reinska over 1000 km kystline, og meir enn 20 tonn plast vart plukka.  

Med ei tildeling på 2 millionar kroner frå Sparebanken Vest si stifting Agenda Vestlandet kan Framtidshavet gjennomføre ein ny ryddeaksjon i Hardanger i september, og ein vil også planlegge ein tilsvarande aksjon for Sognefjorden til neste år.

 

Hardangerfjorden

Skal også rydde Sognefjorden 

 - Framtidshavet er svært glade for den ferske tildelinga frå Agenda Vestlandet (og Handelens Miljøfond). Tildelinga vil sikre at Framtidshavet kan gjennomføre prosjektet Rein Hardangerfjord 2023 og vi vil også begynne planlegginga av Rein Sognefjord 2024, seier Kenneth Bruvik i Framtidshavet. 

- Dette har svært mykje å seie for fjordhelsa dei stadene vi ryddar, og vi har allereie mange store og små aktørar som banker på døra og vil vere med å bidra til årets aksjon og framtidige prosjekt, seier han. 
Frode Nergaard Fjellstad

Har du spørsmål om Agenda Vestlandet?

Vi hjelper deg frå ide til handling. Ta kontakt med dagleg leiar Frode Nergaard Fjeldstad på epost eller telefon.

Agenda vestlandet

Våre initiativ

vestlandsmeldingen ikon

Vestlandsmeldinga

Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte

Prognose for fremtida
Vestlandsindeksen ikon

Vestlandsindeksen

Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet

Dei nyaste trendene
Vestlandskonferansen ikon

Vestlandskonferansen

Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia

Finn ut meir