
VESTLANDSINDEKSEN #2 2023 VISER
Ventar turiststraum til Vestlandet
Av Torhild Dahl
Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: Invalid Date
Oppdatert: Invalid Date
Det fortel Per Brochmann, som er konsernleiar i Norway’s Best Group, eit reiselivskonsern som i eit normalår omset for rundt ein milliard kroner og har meir enn 500 heilårs- og sesongtilsette.
Nesten fullbooka
Optimismen rimar med tal frå den ferske Vestlandsindeksen, som viser at overnattings- og serveringssektoren er ei av få bransjar som har betre tru på framtida. Margunn Aas Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest møter mange optimistiske kundar frå denne bransjen.
– Fleire av kundane til Sparebanken Vest melder om fulle bøker gjennom heile sommaren, ja faktisk langt ut på hausten. Kundane opplever at turistane strøymer på fordi Noreg har blitt eit billigare reisemål enn tidlegare. Turistane ser også på Noreg som eit fredeleg og roleg hjørne i ei turbulent verd, seier ho.
Ei utsett bransje
Vestlandsindeksen viser at bransjen har hatt store svingingar siste åra, med ein dramatisk botn under pandemien, og fleire opp- og nedturar sidan.
– Overnatting- og servering er ein volatil bransje som har hatt svært store svingingar sidan pandemien. No er vi ved starten av ein sesong som ser ut til å gi svært god aktivitet, seier Minne.

Også eksportbedrifter dreg nytte av den svake krona, men Vestlandsindeksen viser at det breie laget av bedrifter framleis har vanskelege tider. Resultatindeksen på 56, 1 poeng er framleis på eit lågare nivå enn det historiske gjennomsnittet, og også forventningane er lave og fell tilbake til 57,1 poeng. Det er særleg stigande kostnader som bekymrar bedriftene.
Stigande kostnader bekymrar
– Det er utfordrande for bedriftene å framleis vere lønsame når kostnadene aukar så raskt. Lønsforventningane er svært høge på kostnadssida, og den svake krona forsterkar ein allereie utfordrande høg prisvekst.
Det seier Kjetil Benson, som er leiar for Markets i Sparebanken Vest. 3 av 5 bedrifter som aukar utsalsprisane gir auka lønskostnader som grunn, medan heile 9 av 10 viser til høge innkjøpsprisar.
Benson forklarer at sjølv om bedriftene set opp utsalsprisane, så er det ikkje nok til å ta igjen auken i kostnader.
– Svært mange av varene og innsatsfaktorane er importerte frå utlandet. Når krona svekkjer seg så raskt, så må prisane opp på importerte produkt. Bedriftene ber noko av denne nedsida sjølve, då dei ikkje klarer å prise seg opp like mykje som kostnadene aukar. Motstykket er norske bedrifter som eksporterer, for dei får tilsvarande gunstige tilhøve med ei svak krone, seier han.

Agenda vestlandet