
VESTLANDSINDEKSEN #4 2022 VISER:
Lågaste måling for forventningsindeksen nokon gong
Av Marthe S. Berg-Olsen
Publisert: Invalid Date
Oppdatert: Invalid Date
Ho opplever at bedriftene no brettar opp ermane og jobbar for å skaffe seg oversikt.
– Det viktigaste vestlandsbedriftene kan gjere i krisetid, er å skaffe seg handlingsrom ved å sørge for å ha likviditet. Mitt råd er å ha god dialog med leverandørar og kundar, fakturer så snart du kan, og be om lengre betalingsfristar, seier Minne.

Resultatindeksen på nivå med koronaåret 2020
Resultatindeksen, som viser den økonomiske utviklinga for bedriftene dei siste tre månadene, held fram med å falle. I siste kvartal av 2022 går resultatindeksen ned 4,7 prosentpoeng til 54,4, og han er med det godt under der den brukar å ligge, på 59,8.
Dette, i tillegg til ein historisk låg forventningsindeks på 51,6 poeng, gjer det tydeleg at næringslivet på Vestlandet har ein utfordrande periode framfor seg.
– Det er forventningane til etterspurnaden og lønsemda som fell aller mest. Dette tyder på at tiltaka som Norges Bank gjer for å motverke inflasjon har effekt, for det er meininga at etterspurnaden skal ned frå det høge nivået vi såg før rentehevingane, seier Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest.
Bedriftene i Møre og Romsdal er dei mest pessimistiske
Bedriftene er meir samde om korleis dei ser på dei neste seks månadene i dette kvartalet enn i førre. Til dømes så viser forventningsindeksen for bedrifter i Møre og Romsdal, som var meir positive i førre kvartal enn resten, eit fall på 12,2 poeng.
– Ei av årsakene kan vere at bedriftene i Møre og Romsdal tidlegare hadde ein fordel av lågare kostnader med straum enn bedrifter i dei andre regionane. Denne forskjellen ser ut til å ha blitt jamna ut i fjerde kvartal, seier Benson.
Rogaland har høgast forventningar til første halvdel av 2023 – her er det olje- og gassnæringa som trekker opp.

Olje- og gass er eit lyspunkt
For bedrifter med meir enn halve omsetninga knytt til olje og gass, ligg forventningsindeksen over 60 poeng, noko som er godt over historisk snitt for næringa. Desse bedriftene ventar at aktiviteten vil auke framover.
– Dette er heilt motsett av dei andre næringane, og er sterkt drive av dei høge energiprisane og rekordmange nye utbyggingar som følgje av oljeskattepakka frå 2020. Olje og gass trer fram som den berande bjelken i ein elles nedkjølt økonomi og trekker med seg heile verdikjeda rundt seg, seier Minne.
Ei anna næring som skil seg positivt ut, er havvind og straumproduksjon offshore. Bedrifter med omsetning retta mot denne næringa har rapportert godt over snittet i heile 2022, både for resultat- og forventningsindeksen. Dette gjeld også for fjerde kvartal – bedriftene i denne næringa ventar vekst i aktiviteten med ein forventningsindeks på over 60 poeng.
Byggjer vindturbinar ved Fensfjorden
Wergelandgruppa representerer havvindnæringa. Sjølv om betong har vore berebjelken i selskapet heile vegen, har dei tradisjon for å sjå etter nye moglegheiter og marknadar. Satsinga deira på havvind er eit resultat av målretta arbeid som starta då dei såg dei unike fordelane som kaianlegga og havdjupna i Fensfjorden gav dei.
– Vi byggjer det som kjem til å bli ein av Europa sine største dokkar. Vi er definert som supersite for havvind, og er i stand til å ta ein fullskalaproduksjon, både flytarar og botnfaste. Dette gir store moglegheiter for ringverknader i heile regionen, fastslår Irene Wergeland, CEO i Wergeland.

Margunn Minne i Sparebanken Vest roser den solide vestlandsbedrifta som har sørga for å ha fleire bein å stå på.
– Wergelandgruppa i Nordhordland er eit eksempel på ei bedrift som våger å satse og gjer det lokalt. Den handlekrafta som dei demonstrerer er akkurat det vi treng no. Det er her på Vestlandet at verdiskapinga i Noreg skjer – det er heilt naudsynt at vi evnar å omstiller oss, seier ho.
Auka straumkostnadar får bedriftene til å ta grep
Ein av drivarane bak den reduserte lønsemda til vestlandsbedriftene er dei høge straumprisane. Sju av ti bedriftsleiarar melder at bedrifta er negativt påverka av straumprisar. Dette får bedriftene til å ta grep.
– Ein av fem bedriftsleiarar seier at dei samarbeider med kundar og leverandørar for å betre situasjonen. Like mange seier at straumprisane har ført til at dei utvidar til nye marknadar og rettar seg mot nye kundegrupper. Dette er positivt, seier Minne.
Handlekraft er tema for Vestlandskonferansen som Sparebanken Vest arrangerer saman med stiftinga til banken, Agenda Vestlandet. Følg Vestlandskonferansen her 14. februar.
Kurven til forventningsindeksen, som viser bedriftenes forventninger til de neste seks månedene, peker bratt nedover i 4. kvartal 2022. Selv ikke da pandemien herjet som verst, var bedriftslederne på Vestlandet mer pessimistiske. Resultatindeksen, som viser bedriftenes resultater for kvartalet, er på nivå med koronaåret 2020.
Har du spørsmål om Agenda Vestlandet?
Vi hjelper deg frå ide til handling. Ta kontakt med dagleg leiar Frode Nergaard Fjeldstad på epost eller telefon.
Agenda vestlandet