Hopp til hovedinnholdet
Bli kunde
handlekraft

Handlekraft: Leiartrening for Vestlandet

Programmet gir innsikt i korleis skape betre samarbeid, på tvers av grupper og interesser. Gjennom praktisk trening får deltakarane verktøy som gir gjennomslag, og eit nettverk med andre leiarar på Vestlandet.  

Årets Vestlandskonferanse hadde handlekraft som tema, og responsen frå deltakarane har vore unison: Vi må styrke samarbeidet på Vestlandet for å sikre omstillingskrafta i Noreg.

Kva går programmet ut på?  

Gjennom seks samlingar vil du få ny innsikt i korleis ein skaper betre samarbeid, på tvers av ulike grupper og interesser. Du vil også få praktisk trening i korleis du får gjennomslag for det du brenn for, og du blir med i eit nettverk med andre leiarar på Vestlandet. 

 

Handlekraft er vanskeleg å definere, men du er ikkje i tvil når du ser det i praksis: Det er den eksponentielle energien som oppstår når eit eller fleire menneske skaper ei lagkjensle som får stadig fleire til å auke sin innsats for å nå felles mål.
- Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet

 Kurshaldarar

Psykologiprofessor Jay van Bavel ekspert på makta som ligg i vår felles identitet, og han inspirerte Vestlandskonferansen 2023 med sin Key Note om The Power of US. 

Britiske Sarah Cartwright hjelper leiarar i alt frå Microsoft til Goldman Sachs med å utvikle sjølvtillit og innflyting. Ho er også kvinna bak det svært populære leiarutviklingsprogrammet vårt Women in Tech.

 

Kven kan søkje?

Du er ein mellomleiar eller leiar på Vestlandet. Du har ei konkret målsetting for korleis du vil bruke leiartreninga til å skape sterkare samarbeid på eit område du brenn for, på jobb eller privat. Du må kunne engelsk for å få utbytte av samlingane.  


Ei gåve frå ein sprek 200 – åring 

Leiartreningsprogrammet Handlekraft er ei gåve til vestlendingane i samband med at Sparebanken Vest fyller 200 år i 2023. Målet er å ruste enkeltpersonar til å bygge laget i ei tid med auka polarisering. 

 

Målet med denne satsinga er å styrke lagkjensla og skape større takhøgde i ei tid sterkt prega av polarisering. Det er ingen andre å peike på, vi må saman finne vegen ut av klima- og naturkrisa.
- Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet

Program:

Tre fysiske samlingar i Bergen:

  • 24. mai: m/ Jay Van Bavel (heildags)
  • 6. juni: m/ Sarah Cartwright (heildags)
  • desember / januar: Sarah Cartwright og Jay Van Bavel (heildags)

Online coaching i gruppe (ca 1-2 timar tilpassa din kalender)

  • 2 coachingar med Sarah Cartwright
  • 1 coaching med Jay Van Bavel 

Foredrag og coaching vil skje på engelsk.

Søknadsfrist 23. april. Det er begrensa antall plassar, så ver rask med å søkje.

Har du spørsmål om handlekraftprogrammet?

Ta kontakt med prosjektleder Nicole Boge på epost eller telefon.

Agenda vestlandet

Våre initiativ

vestlandsmeldingen ikon

Vestlandsmeldinga

Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte

Vestlandsindeksen ikon

Vestlandsindeksen

Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet

Vestlandskonferansen ikon

Vestlandskonferansen

Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia