Informasjon til kundar i Etne Sparebank

Fusjonen mellom Sparebanken Vest og Etne Sparebank er i gong. Det inneber mellom anna at vi i Sparebanken Vest har fått tilgang til kundedata frå Etne Sparebank.

Vi har starta planlegginga av arbeidet med å overføre kundane i Etne Sparebank til Sparebanken Vest. Målet er at fusjonen går så smertefritt som mogleg. Etne-kundane skal bevare historikk og avtaler som dei allereie har i Etne Sparebank, og overføre til Sparebanken Vest. Det er dette Sparebanken Vest jobbar med no. 

Det er berre eit fåtal med tilsette i Sparebanken Vest som har tilgang til desse dataa – dei som jobbar med å forberede fusjonen. Dei har signert på ein tausheitserklæring. Arbeidet skjer frå juni til fusjonen er gjennomført i oktober. Når fusjonen er i boks, vil alle analysar som blir gjort i samband med dette bli sletta.

Dette er informasjon som dei som analyserer data ser på:

  • Namn
  • Kontaktinfo
  • Kjønn
  • Statsborgarskap
  • Rettar og plikter mellom deg og Etne Spareban
  • Informasjon om formue, inntekt, likviditet og forbruk

Bevare historikken i nettbanken

Desse dataene blir registrert slik at Etne-kundane blir klassifisert på rett måte. I dei tilfella der Etne-kunden har samanfallande produkt med Sparebanken Vest, så blir overføringa gjort på ein saumlaus måte. 

Dataa blir også brukt til å gjere slik at historikken som Etne-kundane har i sin bank blir overført til Sparebanken Vest. Når Etne-kunden er overført til Sparebanken Vest, så vil han eller ho framleis ha tilgang på avtalegiro-avtalane, historikk i nettbanken og registrerte møte og sakar som hen har hatt.

Ver trygg

Du kan vere trygg på at vi brukar kundedata på ein måte som er i tråd med lovar og reglar, vi har iverksett ei rekke sikringstiltak for at dine data skal vere trygg. Det betyr at dine data ikkje nyttast til andre formål enn naudsynte analyser. Om du har spørsmål til korleis dine data blir behandla – ta direkte kontakt med personvernombodet i Sparebanken Vest på e-post personvernombudet@spv.no

Utfyllande informasjon om korleis banken behandlar personopplysningar finn du i personvernerklæringa vår. 

Gjeld dette deg? 

Når vi behandlar personopplysningar om deg har du mange rettigheiter som følger av personvernregelverket. Dette er mellom anna retten til innsyn i personopplysningane vi har registrert om deg, eller retten til motsegn dersom du meiner vi ikkje tar vare på eller vektlegg dine interesser. 

Dersom du ønsker å utøve nokre av desse rettane, kan du kontakte oss ved å fylle ut skjema for rettar på spv.no. Du kan også kontakte datatilsynet dersom du har spørsmål eller ønsker å klage.