
Berekraftig milliongåve sørger for solceller på taket til Skakke kulturhus
Auka utgifter på straum skapar hovudbry for kulturhuset. No får dei tre millionar kroner frå Sparebanken Vest til solceller, samtidig som det er klart at Sparebanken Vest blir sponsor.
– Energikrisen treff oss hardt – i fjor hadde me ei straumrekning på to millionar kroner. Me har sett på ulike måtar å sikre ein trygg og god økonomi for senteret i åra som kjem, og eitt av tiltaka er at me ønskjer å legge solceller på taket, seier Gøril Eidhammer, dagleg leiar for Skakke kulturhus.
Skakke har allereie fått godkjent søknaden om støtte frå Enova til å montera solcellene på taket. Men Enova dekker ikkje alt. På styremøtet tysdag vart det klart at Sparebanken Vest gir dei tre millionane som senteret manglar for å kunne realisere prosjektet.
– Bidrar til å sikra vidare drift
– Det er ei stor glede for meg og Sparebanken Vest å få bidra til dette prosjektet, som sikrar ei løysing som er berekraftig – både for miljøet og for vidare drift av Skakkesenteret, seier Maren Tungesvik Tveiten, leiar for Sparebanken Vest sitt kontor i Etne.Nyheita var kjærkomen for Eidhammer og resten av styret til Skakke.
– Det betyr svært mykje for Etne-bygda og Skakke å få Sparebanken Vest med på laget. Med solceller på taket så vil dei årlege utgiftene bli redusert kraftig, og det er heilt avgjerande for oss, seier Eidhammer.
Sponsoravtale i boks
Styret har også signert på ein sponsoravtale med Sparebanken Vest. Dei overtar plassen til Etne Sparebank, som no er slått saman med Sparebanken Vest.– Ei av dei viktigaste oppgåvene til Sparebanken Vest, er å bidra til å styrke den gode fellesskapen som er i bygd og by på Vestlandet. Me ser kor viktig Skakke er for for innbyggjarane i Etne, Skånevik og Vindafjord og me ønskjer å vera ein trygg og god samarbeidspartnar for senteret vidare, seier Tungesvik Tveiten.
Fekk seks millionar i 2022
Frå før har Skakke fått seks millionar kroner til oppgradering av kulturhuset – mellom anna til bygging av nytt kjøkken.– Etne Sparebank har alltid vore ein viktig støttespelar og bidragsytar i lokalsamfunnet, og me er glade for at Sparebanken Vest deler dei same verdiane, og at banken viser det så tydeleg med denne gåva, sa Gøril Eidhammer den gongen.
Sparebanken Vest har gitt 280 millionar kroner til frivillige organisasjonar og gode prosjekt på vestlandet i 2022. Maren Tungesvik Tveiten oppfordrar fleire til å søka om gavemidlar i 2023 om man har eit godt prosjekt som treng støtte.

Personlig rådgiver