Farge

Sterk bankdrift gir godt resultat for 2017

Sparebanken Vest fekk eit resultat før skatt på 1.844 millionar kroner i 2017 samanlikna med 1.615 millionar kroner (ekskl. eingongseffektar) året før. Eigenkapitalavkastninga for året som heilskap vart 11,0 % mot 10,7 % (ekskl. eingongseffektar) i 2016.
- 2017 var eit særs godt år for Sparebanken Vest. Vi veks, aukar inntektene frå bankdrifta og har kontroll på kostnadane. Tapa er låge, og vi får stigande bidrag frå tilknytta selskap, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.


Netto renteinntekter vart 2.565 millionar kroner (2.399 millionar kroner) i 2017. Auka på 166 millionar kroner forklarast med auka utlånsvolum innan person- og bedriftsmarknaden, i tillegg til lågare finansieringskostnadar.

I løpet av 2017 fekk Sparebanken Vest 12.795 nye personkundar og 2.170 nye bedriftskundar.

-
Gjennom 2017 har vi jobba målretta med å posisjonere Sparebanken Vest som «Familiebanken». Det er spesielt gledeleg at vi har fått nær 4.500 nye kundar under 18 år, som svarar til ein auke på nesten 24 prosent i forhold til 2016, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

 

Den gode kostnadsutviklinga for konsernet dei siste åra fortset. Driftskostnadane totalt for 2017 var 1.450 millionar kroner, samanlikna med 1.445 millionar kroner (ekskl. eingongseffektar) i 2016.

Resultatet for fjerde kvartal isolert viste og framgang med ein auke i netto renteinntekter på nær 13 % til 674 millionar kroner, medan resultatet før skatt auka til 463 millionar kroner i fjerde kvartal frå 361 millionar kroner i same kvartal førre år. Eigenkapitalavkastninga for fjerde kvartal auka til 10,6 % frå 8,6 % i same kvartal i 2016.

Digital sjølvbetening og personleg rådgjeving

Dei siste tre åra har mobilbanken auka frå omkring ein million til over 2,5 millionar månadlege påloggingar, samstundes som nettbanken har lege stabilt rundt 800.000 påloggingar.

-
Vi ynskjer å nytte den digitale plattforma til å fjerne friksjon i vår kontakt med kundane. Kundane ynskjer i større grad å vere sjølvbetente, og da må vi tilby funksjonalitet i våre digitale kanalar som gjer meirverdi. No er til dømes fire av seks sperringar av kort sjølvbetente. Denne type sjølvbetening gjev auka tryggleik for kundane når det gjeld potensiell svindel med kort, samstundes som det reduserer bankens økonomiske risiko for erstatningar, forklarer Jan Erik Kjerpeseth.

 

Konsernsjefen trekk vidare fram at Sparebanken Vest skal vere ein digitalisert bank med personleg signatur. I 2015 var omkring fem prosent av Sparebanken Vest sine kundar innom eit kontor, medan det i 2017 var under to prosent. Førre år viste og ein reduksjon i talet på manuelle skranketransaksjonar på over 70 %. Men samstundes: I 2017 vart det i banken sine 34 kontor gjennomført over 46.000 komplette kundemøter, der alle aspekt ved kunden sin økonomi vert gjennomgått. I tillegg til at kundane verdset fysiske møter ved viktige livshendingar, vann og banken sitt kundesenter nyleg Kantar TNS årlige kundeservicepris for beste service av alle dei norske

bankane i 2017.

-
Vi må vere ein heilt digital bank i brukaroppleving, organisering og kultur. Den fysiske kontakten vil i framtida primært dreie seg om rådgjeving, ikkje transaksjonar. Vi vil nok møte kundane sjeldnare, men kvart møte skal vere meir verdifullt for kunden, seier Kjerpeseth.

 

Gjennom 2017 har nettbank og mobilbank og tatt av som reine salskanalar.


-
Delen avtalar om sparing i fond som kundane har kjøpt gjennom sjølvbetente kanalar, auka med 73 prosent frå 2016 til 2017. Vidare har det digitale salet av skadeforsikring auka med 44 prosent. Dette beviser at enkle og gode digitale løysingar er utløysande for salet, og denne type løysingar er noko vi vil fortsette å introdusere i 2018, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

 

God soliditet
Sparebanken Vest hadde ved utgangen av 2017 ein rein kjernekapitaldekning på 15,0 % og alle krav frå styresmaktene, herunder auka motsyklisk kapitalbuffer, er tilfredsstilt med god margin.

-
Vi gjekk inn i 2017 med ein sterk kapitalbase som gjorde oss i stand til å vere ein solid finansieringspartner for både person- og bedriftskundar. Med ein total vekst i utlån på åtte prosent i 2017 har banken bidratt til vekst og naudsynt omstilling på Vestlandet, og vi skal fortsette å bidra til lønsame forretningsmogelegheieter og møte kundane sine behov for finansiering framover og, seier Kjerpeseth.

Godt kredittarbeid ga låge tap
Stram styring, god kredittkvalitet og lav eksponering i konjunkturutsatte næringar har medført låge tap for banken dei siste åra. Sparebanken Vest hadde i 2017 nedskrivingar på utlån og garantiar på 33 millionar kroner (39 millionar kroner, men korrigert for sal av overvakningsportefølje er samanliknbare tal 97 millionar kroner).

- Innan bedriftsmarknaden har banken i 2017 auka volumet, samstundes som risikoprofilen og marginane i portefølja er betra. Nye makroøkonomiske vekstsignal vil vere positivt for næringslivet og hushaldningane på Vestlandet. Vi venter difor og låge tap framover. I banken sine prognoser for 2018 er det likevel lagt til grunn normaliserte tap som inneber nedskrivingar på rundt 200 millionar kroner, seier Jan Erik Kjerpeseth.

Eigar- og samfunnsutbyte

Resultat per eigenkapitalbevis var i 2017 5,42 kroner mot 6,24 kroner i 2016. Styret foreslår overfor generalforsamlinga eit utbyte på 3,75 (4,50) kroner per eigenkapitalbevis. Dette svarer til ein utdelingsgrad på 74,4 % (71,9 %) av eigenkapitalbeviseigarane sin del av resultatet. Styret vil til generalforsamlinga sitt møte anbefale at utbyte for 2017 vert betalt ut som kontantutbyte eller utbytebevis. Ved utbetaling av utbytte som utbytebevis vil styret foreslå ein rabatt på 2 % i forhold til volumvekta marknadsskurs dei fem siste dagane i teikningsperioda. Nærare vilkår for styret sitt forslag til utbytebevisemisjon vil bli gitt så snart styret har behandla endeleg årsrekneskap.


Vidare foreslår styret at 150 (100) millionar kroner går til utdeling av ålmennyttige gåver som skal bidra til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet. Samla sett inneber dette at Sparebanken Vest i morbanken vil halde tilbake 71,1 % (75,6 %) av overskotet for 2017.


Sparebanken Vest har lagt eit solid grunnlag for å sikre fortsatt positiv resultatut­vikling i 2018. Banken har ambisiøse avkastningsmål, og skal over tid vere blant dei aller beste eigenkapitalbevis-bankane når det gjeld avkasting. Styret vedtok i fjerde kvartal å endre banken sin utbytepolitikk frå og med rekneskapsåret 2018 til lik utdelingsgrad til eigardel- og samfunnskapitalen, slik at ein unngår at eigenkapitalbeviseigarane gradvis vert utvanna. Kontantutbyte skal ligge mellom 25 og 50 % av egenkapitalbeviseigarane sin del av resultatet. For rekneskapsåret 2018 er det venta at utbyte vil ligge i nedre del av dette intervallet.


HOVUDTAL 2017 (2016 I PARENTES):

Resultat før skatt: 1.844 MNOK (1.615 MNOK, inkl. eingongseffektar 1.956 MNOK)

Resultat/utvanna resultat pr. eigenkapitalbevis: 5,42 kr (6,24 kr)

Rentenetto: 1,50 % (1,47 %)

Kostnadsprosent: 44,2 % (39,7 %)

Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 11,0 % (13,1 % inkl. eingongseffektar)

Rein kjernekapitaldekning (Basel I gulv): 15,0 % (14,9 %)


HOVUDTAL FJERDE KVARTAL 2017 (2016 I PARENTES):

Resultat før skatt: 463 MNOK (361 MNOK)

Resultat/utvanna resultat pr. eigenkapitalbevis: 1,36 kr (1,08 kr)

Rentenetto (annualisert): 1,51 % (1,43 %)

Kostnadsprosent: 48,3 % (50,5 %)

Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 10,6 % (8,6 %)


For meir informasjon
:

Sjå vedlagte rapport og presentasjon.

Fullstendig rapport for fjerde kvartal 2017 og året 2017 finst og på www.spv.no.


KONTAKTPERSONER:

Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef, tel: 951 98 430

Frank Johannesen, konserndirektør, tel: 952 65 971

Bjarte Fauske, økonomisjef, tel: 915 61 698
Lars Ove Breivik, informasjonssjef, tel: 415 06 999, e-post: lars.breivik@spv.no



Presentasjon:

Sparebanken Vest presenterer rekneskapstal for 4. kvartal og 2017 torsdag 1. februar kl. 08.00 i KS Bygget, Haakon VIIs gt. 9, Oslo.

 

Presentasjonen vert og sendt live via webcast på følgende adresse:  https://www.spv.no/om-oss/investor-relations/webcast

 

 

Ring oss - (915) 05555

Åpent man-søn 07-23.

Våre kontorer

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send e-post