Farge

God bankdrift opnar for auka overskotsdeling til Vestlandet

Sparebanken Vest presenterer i dag ein auke i resultatet frå i fjor på 60 millionar kroner før skatt til 513 millionar kroner for tredje kvartal, tilsvarande ein eigenkapitalavkastning på 12,2 %.

– Sparebanken Vest leverer godt på alle frontar. Vi har lønsam vekst i både person- og bedriftsmarknaden, kostnadsutviklinga er flat og tapa er låge. I eit kvartal utan eingongseffektar leverer banken eit av sine beste resultat nokon sinne på rein kjernebankdrift, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

- Eg er godt nøgd med resultatet, og det skyldast ikkje minst fordi dette og gagnar Vestlandet. Sparebanken Vest er opptatt av å utvikle og gi tilbake til regionen i form av gåver til gode formål og prosjekt. Gitt at banken klarer å fortsetje god drift og for resten av året, håpar eg at vi kan sjå ein auke i beløpet som skal delast ut som gåver til samfunnsnyttige formål til 150 millionar kroner neste år. Det svarar til ein auke på 50 prosent frå inneverande år, seier Kjerpeseth.

Sparebanken Vest sin eigarskapsstruktur er basert på sparebankmodellen, som inneber ein kombinasjon av privat eigarskap og ein samfunnseid struktur. Samfunnskapitalen utgjer 77 prosent av banken sin samla kapital. I inneverande år har banken delt ut 100 millionar kroner av overskotet til ulike samfunnsnyttige formål på Vestlandet.

HØG KUNDEAKTIVITET OG AUKA RENTENETTO
Netto renteinntekter utgjorde 650 millionar kroner i kvartalet, opp frå 592 millionar kroner i tredje kvartal i fjor. Rentenetto i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital er 1,50 % for tredje kvartal isolert, opp frå 1,44 % i same periode i 2016.

Banken har en tolvmånadars-vekst i personmarknaden på 6,8 %, og per utgangen av tredje kvartal utgjorde utlån til personmarknaden 110,3 milliardar kroner.

- Ser vi på vekstsamansetninga det siste året er nærare 30 prosent heilt nye kundar. Eksisterande kundar som tar opp sitt fyrste bustadlån utgjer og omkring 30 prosent, medan dei resterande 40 prosent er eksisterande kundar som føretek ei opplåning, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

Brutto utlån til bedriftsmarknaden utgjer 34,8 (32,0) milliardar kroner. Veksten i utlån i bedriftsmarknaden er 8,8 % siste 12 månadar, og veksten skjer innan ønska segment med god lønsemd.

GOD KOSTNADSTYRING, LÅGE TAP OG HØG SOLIDITET
Driftskostnadane i tredje kvartal er 346 millionar kroner (339 millionar kroner*). Kostnadsutviklinga er flat, og på nivå med tredje kvartal i 2016 når det vert korrigert for finansskatt på 5,4 millionar kroner i kvartalet.

- Banken har arbeidd systematisk for å halde ein flat kostnadsutvikling, og eg er nøgd med at banken kan vise at dette er oppnådd heilt frå 2012 og fram til i dag. Sjølv med ein høg investeringstakt i banken venter vi ein flat kostnadsutvikling og framover, seier Kjerpeseth.

Ved utgangen av tredje kvartal utgjer personmarknaden ca. 76 % av kredittporteføljen, og ca. 96 % av denne porteføljen består av lån med sikkerheit i bustad.

- Risikoprofilen i bedriftsmarknaden er stabil og moderat. God porteføljestyring, moderat eksponering i konjunkturutsette næringar og mindre usikre makroutsikter gjer at banken sine samla tap for 2017 no er venta å bli rundt 100 millionar kroner, seier Kjerpeseth.

Banken si reine kjernekapitaldekning, etter Basel I-golv og inkludert 75 % av akkumulert resultat, er 14,9 % ved utgangen av tredje kvartal 2017. Banken sitt mål for rein kjernekapitaldekning er at faktisk kapital skal være om lag eitt prosentpoeng over alle minimums- og bufferkrav (inklusiv Pilar 2). Dette målet er oppfylt ved utgangen av tredje kvartal, og når ein tek omsyn til at motsyklisk kapitalbuffer aukar med 0,5 prosentpoeng ved utgangen av fjerde kvartal.

FINTECH OG DIGITALISERING
I løpet av dei siste månadane har Sparebanken Vest vore med på å etablere finansteknologiklynga Finance Innovation i Bergen. I oktober vart det kjent at Finance Innovation vert ein del av klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters. Som nyoppretta klyngeprosjekt, vert Finance Innovation tatt inn som eit Arena-prosjekt i programmet.

- For Sparebanken Vest er det viktig å være i front innan det digitale skiftet. Potensialet for norsk fintech er enormt, og endringstakten i finansbransjen går raskt. Det er difor viktig at Sparebanken Vest tar ei aktiv rolle både for eigen del, men og for å vere ein bidragsyter i ein nasjonal finansnæring som framover vil møte ytterlegare konkurranse frå utanlandske aktørar, seier Kjerpeseth.

I tillegg til å vere ein sentral aktør i utforminga av ei klynge, satsar banken betydeleg på å utvikle enkle og brukarvennlege digitale løysingar for kundane.

- Ei nyheit i kvartalet er at det no er mogeleg å verte bedriftskunde på 2 minutt gjennom ein online løysing med BankID-signering. Både aksjeselskap, enkeltpersonføretak, samt lag og organisasjonar kan no fylle ut alt på nett og signere digitalt, fortel Kjerpeseth.

Han legg til at banken opplever ei fortsatt sterk auke i sal gjennom digitale kanalar.

- I september vart til dømes heile 76 % av nye spareavtalar i fond oppretta digitalt. Stadig fleire nyttar seg av enkle digitale løysingar når dei skal utføre mindre komplekse og daglegdagse banktenester. Det frigjer samstundes tid til å satse på enda betre rådgjeving i viktige økonomispørsmål for kunden i våre 34 kontor på Vestlandet, seier Kjerpeseth.

AVKASTNING OG UTBYTTE
Sparebanken Vest har ei langsiktig målsetjing om å levere ein eigenkapitalavkastning på 11 %. Basert på resultata per tredje kvartal og forventningane for resten av året, vil dette målet nådd for 2017.

Vidare er banken sin utbyttepolitikk utfora slik at utdelingsgraden til eigenkapitalbeviseigarane skal ligge mellom 50 til 80 % av eigenkapitalbeviseigarane sin del av overskotet.

- Solid kapitaldekning og god lønsemd tilseier at utdelingsgraden for 2017 er venta å ligge i midtre del av utbytteintervallet, seier Kjerpeseth.

HOVUDTAL TREDJE KVARTAL 2017 (2016 I PARENTES):
Resultat før skatt: 513 mkr (453 mkr*)
Rentenetto: 1,50 % (1,44 %)
Tap på utlån og garantier: 18 mkr (22 mkr*)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 12,2 % (11,9 %*)
Ren kjernekapitaldekning (Basel 1 golv): 14,9 % (14,8 %)

*3. kvartal i 2016 er påverka av avvikling av pensjonsordning på 245 MNOK, sal av overvakningsportefølje på 58 MNOK, samt inntektsført utbytte frå VISA på 14 millionar kroner.

Les heile rapporten
Les heile presentasjonen


Ring oss - 915 05555

Åpent man-søn 07-23.

Stikk innom

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send e-post