Farge

Ketchup-effekten kjem ikkje på Vestlandet

Vestlandsindeks 3/17 viser at det verste er bak oss og sysselsettinga stig igjen på Vestlandet, særleg blant bedrifter tilknytt olje og gass-sektoren. Samstundes er framtidsutsiktene noko avdempa – ketchup-effekten kjem ikkje. Ei knapp veke før Stortingsvalet meiner Vestlandsbedriftene og at den komande regjeringa bør satse på lågare skatter og avgifter, og auka investeringar i samferdsle for å sikre økonomisk vekst blant vestlandsbedriftene. Særleg lågare arbeidsgivaravgift segler opp som den føretrekte skattereduksjonen for å auka sysselsettinga.

Vestlandsindeks 3/17, ei undersøking blant 700 bedriftsleiarar på Vestlandet utarbeida av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse, viser at den moderate positive utviklinga vi har sett det siste året fortsett. Etterspurnaden går noko tilbake, medan lønsemd og sysselsetting bidreg til den positive utviklinga i resultatindeksen.

 - Det er gledeleg at næringslivet på Vestlandet viser robustheit med tanke på inntening og at ledigheita går ned ved at bedrifter tilsett folk igjen. Mange bedrifter har vore flinke til å nytte dei siste års økonomiske utfordringar til både nyskapande omstilling og meir tradisjonell tilpassing av kostnadar.  Dette byrjar dei no å hauste fruktene av på botnlina, seier konserndirektør Ragnhild Fresvik i Sparebanken Vest.

For tredje kvartal 2017 viser Vestlandsindeks ein resultatindeks på 61,5 og ein forventningsindeks på 64,5. Resultatindeksen viser bedriftene si oppleving av marknadssituasjonen dei siste tre månadane, medan forventningsindeksen viser bedriftene sine forventningar til marknadssituasjonen dei neste seks månadane. Tilsvarande tal for tredje kvartal 2016 var 58,7 og 62,0.

- Det er positivt at vestlandsbedriftene venter noko auka investeringar for det neste halvåret. Men samstundes må vi og ta inn over oss ein svakare forventing knytt til marknadsutsiktene og dermed sysselsetting og lønsemd for dei neste seks månadane, som bidreg til å dempe ein samla forventningsindeks dette kvartalet og. Det er framleis mykje ledige ressursar i Vestlandsøkonomien og vi venter ei fortsatt konsolidering blant bedrifter knytt til olje- og gassnæringa, seier Fresvik.

Bil, båt, bane eller fly? Ja takk!
Samferdsle og utbygging av veier har lenge vore ein fanesak blant næringslivet på Vestlandet. Sjølv om delen som meiner dette er viktig har gått marginalt ned sidan førre stortingsval, svarar framleis 90 % av vestlandsbedriftene at samferdsle i stor grad er viktig for å sikre lønsemd på Vestlandet.

- God samferdsle er heilt klart ein av dei viktigaste faktorane for vidare utvikling av næringslivet i regionen. Men det er samstundes like klart at det kan bli eit problem når smørbrødlista frå bedriftene med ynska prosjekt vert so lang, og utan openberre favorittprosjekt.  Faren er da større for at dei viktigaste samferdsleprosjekta på Vestlandet kan bli forhandla vekk på Stortinget. Her trur eg næringslivet på Vestlandet hadde tent på å kunne tale med ei meir samla stemme inn mot dei folkevalde, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.

- Eit interessant moment i dette spørsmålet er at bedriftene likevel ser på dei større prestisjeprosjekta som bybane og flyplassutbyggingar som mindre viktige målt opp mot andre samferdsletiltak, påpeiker Fresvik i Sparebanken Vest.

 

Lågare arbeidsgjevaravgift = auka sysselsetting?Delen bedriftsleiarar som meiner lågare skatter og avgifter bør vere regjeringa sitt hovudfokus for å sikre bedrifta suksess på lang sikt har auka til 41 %, opp frå 25 % ved førre stortingsval.

- At bedrifter på Vestlandet trekker fram lågare skatter og avgifter som eit av dei viktigaste verkemidla ei ny regjering må nytte for å skape ytterlegare vekst er ikkje spesielt overraskande, men desto meir interessant er det at det er arbeidsgjevaravgifta flest vil redusere. 58 prosent har svart at dei ville redusert arbeidsgjevaravgifta, medan 43 prosent ynskjer ein reduksjon i den mykje meir omtala formueskatten, seier Fresvik.

- Ser vi enda nærare på tala i Vestlandsindeks meiner 60 prosent av bedriftsleiarane at lågare arbeidsgjevaravgift vil føre til at det blir lettare å tilsette folk. Delen som meiner at ein reduksjon i formueskatten vil ha ein tilsvarande effekt er kun 10 prosent. For politikarane er det absolutt verdt å merke seg bedriftene si tilbakemelding på kvar skoen trykker skattemessig når det gjelder å få fleire folk i arbeid, avsluttar konserndirektør Ragnhild Fresvik i Sparebanken Vest.

 

Andre interessante funn i undersøkinga:

  • Delen bedrifter i Rogaland som forventar å tilsette folk dei neste seks månadane fell kraftig frå førre kvartal (Q2 2017 = 30 % <-> Q3 2017 = 17 %)

  • Delen bedrifter i Hordaland som forventar å tilsette folk dei neste seks månadane er markant høgare no enn for eitt år sidan (Q3 2017 = 32 % <-> Q3 2016 = 19 %)

  • For bedrifter på Vestlandet som har meir enn halvparten omsetninga si knytt til olje- og gass-relatert verksemd er nettodelen som forventar å auka talet på årsverk no 24 %. Tilsvarande tal for tredje kvartal 2016 var berre 2 %.

  • Forventningsindeksen går ned i alle fylker utanom i Sogn og Fjordane.

For meir informasjon og fleire detaljar om dei ulike fylka, sjå rapport eller kontakt konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest Ragnhild Janbu Fresvik på telefon: 959 28 038

Les heile rapporten her 

Ring oss - 915 05555

Åpent man-søn 07-23.

Stikk innom

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send e-post