Farge

Sparebanken Vest støtter Vestlandet med 100 millionar

God bankdrift i 2016 legg grunnlag for at Sparebanken Vest kan dele ut 100 millionar kroner til gode føremål på Vestlandet.

I samband med offentleggjeringa av rekneskapstal for 2016, foreslår styret i Sparebanken Vest at det vert delt ut 100 millionar kroner til tiltak som bidreg til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet. Dette er ein auke frå 20 millionar kroner året før. 

– Utdelinga i år er den høgaste sidan før finanskrisa i 2008. Det fortel to ting. For det fyrste at Sparebanken Vest er solid og godt drive, med kontroll på kostnadane og låge tap. For det andre, og minst like viktig, at vi er oppteke av  Vestlandet og å kunne bidra til utvikling av landsdelen, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest. 

Sparebanken Vest fekk eit overskot før skatt på 1.956 millionar kroner i 2016, samanlikna med 1.396 millionar kroner året før, tilsvarande ein auke på 40 %. Eigenkapitalavkastninga for året som heilskap vart 13,1 % mot 11 % i 2015. 

Sparebankmodellen inneber at overskotet til banken vert delt etter ein sett fast brøk mellom eigarane av banken sine eigenkapitalbevis, som får utbytta, og finansiering av ålmennyttige føremål i lokalmiljøa. 

– Grunnlaget for den høge utdelinga er god bankdrift, og i det ligg det at vi i Sparebanken Vest jobbar offensivt for å tilpassa oss ein bankbransje i rask endring. Jo betre vi driv banken, jo meir pengar kan vi gje både til eigarar av eigenkapitalbevis og til dei mange gode, lokale initiativa på Vestlandet, seier Kjerpesett. 

Sparebanken Vest har i 2016 gjennomført ei rekkje grep som i sum har gjeve ei særs positiv resultatforbetring. I tillegg har banken arbeidd målretta med å sikra at banken tilfredsstiller kapitalkrava til styresmaktene med god margin. Den gode utviklinga opnar difor opp for at banken kan auka utdelingsgraden til eigarar og samfunnet eitt år tidlegare enn banken forventa, seier Kjerpeseth. 

Sparebanken Vest si utlånsportefølje består av 76 % utlån til personkundar og 24 % til små og mellomstore verksemder. 

- Med ein sterk kapitalbase på plass er banken godt rusta for å bidra til vekst og naudsynt omstilling på Vestlandet. Det inneber at vi kan halda fram å støtta gode forretningsmogelegheiter og møte kundane sine behov for finansiering framover, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

Netto renteinntekter viste ein stabil vekst i 2016 til 2.399 millionar kroner, opp frå 2.354 millionar kroner i 2015. God kostnadsstyring dei siste åra har bidrege til at Sparebanken Vest har oppnådd ein kostnadsnedgang på 2,2 % i morbanken frå 2012 til 2016. Banken ventar ei flat kostnadsutvikling for 2017. 

Lave tap trass krevjande makrobilete

Medan nedturen i oljesektoren har svekka både norsk og vestlandsk økonomi, har ringverknadene av ei svekka oljenæring vore avgrensa på resultata til banken. 

Sparebanken Vest har låg direkte-eksponering mot dei mest utsette bransjane. Avgrensa ringverknader og godt bankhandtverk medførde at tapsavsetningane enda opp i ein lågare intervall enn den banken vurderte ved inngangen til året. Framover er det likevel enno uvisse knyt til utviklinga i realøkonomien og banken legg difor til grunn at tapsnedskrivingar kan auke noko i 2017. 

Hyppigare endringar

Behovet for omstilling i banksektoren er høgt, og åtferdsmønsteret til kundane er i hurtig endring. Sparebanken Vest har i 2016 fortsatt reisa frå å vere tradisjonell bank som vert digitalisert mot det å verta ein digital bank med tradisjonell drahjelp. Det er satsa betydeleg på eigenutvikling på område der det er høve for differensierte kundeopplevingar og innan dei områda som banken definerer som kjernetenester. 

- Mobilbanken er eit godt døme på suksessoppskrifta til banken innan eigenutvikling og nærleik til brukarane, og det viser òg kundane sine tilbakemeldingar i Apple Store og Google Play, der Sparebanken Vest sin mobilbank oppnår høgaste score i konkurranse mot andre bankar, seier Kjerpesett. 

Frende Forsikring held fram å vekse

Sparebanken Vest er største eigar i Frende Forsikring, med ein eigardel på 39,7 %, og banken gler seg over at den positive utviklinga i Frende held fram. Frende auka resultatet før skatt med 65 % i 2016 til 311 millionar kroner. 

Auka kontant- og samfunnsutbyte 

Resultat per eigenkapitalbevis var i 2016 på 6,24 kroner mot 6,32 kroner i 2015 . Styret foreslår overfor generalforsamling eit kontantutbyte på 4,50 (1,10) kronar per eigenkapitalbevis. Dette svarer til ein utdelingsgrad på 71,9 % (33,8 %) av eigenkapitalbeviseigarane si del av resultatet.
Vidare vert det føreslått at det vert delt ut 100 (20) millionar kroner i ålmennyttige midlar som skal bidra til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet. Samla sett inneber dette at Sparebanken Vest vil halde attende 75,3 % (90,4 %) av overskotet for 2016 .

HOVUDTAL 2016 (2015 I PARENTES):
Resultat før skatt: 1.956 mill. kroner (1.396)
Resultat/vatna ut resultat pr eigenkapitalbevis: 6,24 kr (6,32)
Rentenetto: 1,47 % (1,55)
Kostnadsprosent: 39,7 % (48,9)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 13,1 % (11,0)
Rein kjernekapitaldekning (Basel I golv): 14,9 % (13,7)

HOVUDTAL FJERDE KVARTAL 2016 (2015 I PARENTES):
Resultat før skatt: 361 mill. kroner (341)
Resultat/vatna ut resultat pr eigenkapitalbevis: 1,08 kr (1,54)
Rentenetto: 1,43 % (1,46)
Kostnadsprosent : 50,5 % (51,7)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 8,6 % (10,7)

For meir informasjon:
Sjå vedlagde rapport og presentasjon.
Fullstendig rapport for fjerde kvartal 2016 og året 2016 finst òg på www.spv.no

KONTAKTPERSONAR:

Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef, tel: 951 98 430
Lars Ove Breivik, informasjonssjef, tel: 415 06 999, e-post: lars.breivik@spv.no

Snakk med oss - 05555

Åpent man-søn 07-23.

Ring meg

Stikk innom

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send e-post