Farge

Sterkt kvartal opnar for auka utdelingsgrad

Sparebanken Vest leverer i tredje kvartal 2016 eit sterkt resultat før skatt på 769 millionar kroner, opp frå 300 millionar kroner i same periode i fjor. Eigenkapitalavkastninga auka i same periode til 20 % frå 8,9 %.
- Sparebanken Vest sitt resultat for tredje kvartal er særs gledeleg, og skuldast solid innsats frå banken sine medarbeidarar. Per tredje kvartal er banken si rene kjernekapitaldekning 14,8 % opp frå 12,2 % i same periode i fjor. Solid kapitaldekning må sjåast i samanheng med god resultatakkumulering, avgrensa balansevekst og gjennomførte kapitaltiltak, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Kjerpeseth seier vidare at dette opnar for at Sparebanken Vest kan auke utdelingsgraden for rekneskapsåret 2016. 

- Banken sin utbyttepolicy er at utdelingsgrada skal ligge mellom 50 til 80 % av eigenkapitalbeviseigarane si del av overskotet. Solid kapitaldekning og god lønsemd inneber at utdelingsgraden for 2016 er forventa auka frå nedre til midtre del av utbytteintervallet, seier Kjerpeseth.

Sparebanken Vest sin eigarskapsstruktur er basert på sparebankmodellen, som inneber ein kombinasjon av privat eigarskap og ein sjølveigande struktur gjennom banken sitt grunnfond. Dette betyr at banken skal levere konkurransedyktig avkastning til private eigarar gjennom gode økonomiske resultat, og i tillegg bidra til samfunnsnyttige føremål gjennom disponering av grunnfondskapitalen.

- Som ein viktig samfunnsaktør, eigd 75 % av kundane, del banken og ut delar av overskotet til gode føremål på Vestlandet. Den positive resultatutviklinga vi legg fram i dag, bidreg til at det og er sannsynleg at gåvedelen for 2016 vil auke samanlikna med dei seinare åra. Det vil i så fall vere eitt år før det vi tidlegare har formidla, legg Kjerpeseth til.

Resultatet for tredje kvartal er prega av stabil nominell rentenetto, god kostnadsutvikling, føring av inntekter som følgje av endring i pensjonsordninga, låge tap og sal av ein overvakingsportefølje.

YTTERLEGARE NEDJUSTERING AV TAPSANSLAGET FOR ÅRET 2016
- Bankens tapsutvikling har så langt i år vore meir positiv enn tidlegare anteken.  Sparebanken Vest justerer difor ned ytterlegare forventa, ordinære nedskrivingar for året 2016 til å ligge i intervallet 100 til 150 millionar kroner, fortel administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth.

Dette vert underbygga av siste utgåve av Vestlandsindeks, Sparebanken Vest sitt konjunkturbarometer for næringslivet på Vestlandet. Indeksen for 3. kvartal synte ei positiv utvikling for fyrste gong på over to år, som indikerer at botnen truleg er nådd for norsk økonomi.

I tredje kvartal har Moody`s heva utsiktene til Sparebanken Vest til ‘stabile’ frå ‘negative’. Hevinga reflekterer Moody’s si oppfatning om at resultata til Sparebanken Vest framleis vil vere robuste framover, sjølv i ei tid der Noreg er prega av lågare økonomisk vekst.

- Det er framleis enkeltbransjar som har utfordringar, men Sparebanken Vest har låg direkte-eksponering mot dei mest utsette næringane. Vi har ei sunn utlånsportefølje, og bokfører ordinære nedskrivingar på utlån og garantiar på 22 millionar kroner for tredje kvartal isolert, seier Kjerpeseth.

I kvartalet selde banken ei overvakningsportefølje med mislighalde lån innan personmarknaden som ga ein positiv resultateffekt på 58 millionar kroner, slik at samla inntektsføring på nedskrivingar på utlån og garantiar for tredje kvartal er 36 millionar kroner. 

GOD KOSTNADSTYRING OG OVERGANG TIL NY PENSJONSORDNING

Bankens kostnadsutvikling er god, og i kvartalet positivt påverka av avvikling av banken si ytelsespensjonsordning. Korrigert for pensjonsavviklinga og omstillingskostnadar på 2 millionar kroner er driftskostnadane redusert til 339 millionar kroner frå 349 millionar kroner i 3. kvartal 2015.

- Talet på årsverk i konsernet er redusert med 13 i kvartalet til 748. På konsernnivå er bemanninga redusert med nærare 60 årsverk det siste året. Nedgangen skuldast tidlegare annonsert kontornedleggingar og nedbemanning i samband med at Sparebanken Vest omstiller seg til ei enda meir digital framtid. Omstillingsprosessen er i rute, og det er venta full effekt av årsverksuttak frå og med andre kvartal 2017, seier Jan Erik Kjerpeseth.

STABIL NOMINELL RENTENETTO

Den nominelle rentenettoen utgjorde 592 millionar kroner i kvartalet, ei stabil utvikling samanlikna med 593 millionar kroner i tredje kvartal i fjor. Rentenetto i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital er 1,44 % for tredje kvartal isolert, ned frå 1,53 % i same periode i 2015. 

- Det er sterk konkurranse i marknaden og bustadlånkundane nyt godt av historisk låge renter. Konkurransen set og press på banken sine marginer og nedgangen i rentenettoen frå same kvartal i fjor skuldast gjennomførte reprisingar i person- og bedriftsmarknaden, påpeiker Kjerpeseth.

STERKT RESULTATBIDRAG FRÅ FRENDE FORSIKRING
Resultatbidraget frå banken sine deleide selskap auka til 35 millionar kroner i kvartalet, opp frå 5 millionar i tredje kvartal 2015.
- Sparebanken Vest sitt resultatbidrag frå Frende Forsikring aleine er 30,7 millionar kroner for kvartalet mot 3,7 millionar kroner i tilsvarande periode i fjor. Frende Skade leverer i tredje kvartal ein annualisert eigenkapitalavkastning på 24 %, medan tilsvarande tal for Frende Liv er 39,1 %. Selskapa syner ei særs positiv utvikling, og det er venta same veksttakt framover som til no i år, fortel Jan Erik Kjerpeseth.

KONTROLLERT OG GOD UTLÅNSVEKST
Samla brutto utlån auka med 7,5 mrd kroner til 135,2 mrd kroner frå tredje kvartal 2015, tilsvarande ei 12-måneders vekst på 5,8 %.
Utlånsveksten i personmarknaden er 6,6 % dei siste tolv månadane, medan utlånsveksten i bedriftsmarknaden er 3,3 %. Sistnemnde er inkludert konvertering av utlån til tilknytta selskap som utgjer omkring 2 prosentpoeng. Justert for valutaeffekter er veksten i bedriftsmarknaden i kvartalet negativ med 0,4 %.

HOVUDTALL TREDJE KVARTAL 2016 (2015 I PARENTES):
Resultat før skatt: 769 mkr (300 mkr)
Resultat/utvanna resultat pr eigenkapitalbevis: 2,44 (1,31)  
Rentenetto: 1,44 % (1,53 %)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 20 % (8,9 %)
Rein kjernekapitaldekning (Basel 1 gulv): 14,8 % (12,2 %)

Meir informasjon:
Sjå vedlagte delårsrapport og delårspresentasjon.
Fullstendig rapport for tredje kvartal 2016 finn ein og på www.spv.no/ir

Kontaktpersonar:
Jan Erik Kjerpeseth, administrerande direktør, tel: 951 98 430
Frank Johannesen, konserndirektør, tel: 952 65 971
Stig Tore Vangen, investorkontakt, tel: 920 19 134
Lars Ove Breivik, informasjonssjef, tel: 415 06 999, e-post: lars.breivik@spv.no


Snakk med oss - 915 05555

Åpent man-søn 07-23.

Ring meg

Stikk innom

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send e-post