Farge
Prosenttegn - Foto: Colourbox

Sparebanken Vest setter ned rentene

Sparebanken Vest reduserer renta på bustadlån med inntil 0,40 prosentpoeng.
- Sparebanken Vest har eit klart mål om å ha konkurransedyktige renter på bustadlån for både nye og eksisterande kundar. Med rentekuttet i dag sikrar vi våre kundar med bustadlån enda betre priser på sine lån, seier informasjonssjef Lars Ove Breivik i Sparebanken Vest.

Noregs Bank reduserte si styringsrente med 25 basispunkter før påske og Sparebanken Vest følgjer no etter. Rentene på bustadlån i Noreg er no på eit historisk lågt nivå, og rentebelastninga til norske hushaldningar målt mot disponibel inntekt er i 2016 på sitt lågaste nivå på over ti år.
- Sentralbanken sitt rentekutt er grunna med svekka utsikter for norsk økonomi, og er eit positivt grep for å stimulere til auka vekst i norsk økonomi. Når Sparebanken Vest nå følgjer opp Noregs Banks kutt med å senke renta på bustadlån bidreg det til at sjølv i eit år der det er venta eit magert lønnsoppgjer vil hushaldningar med bustadgjeld oppleve at kjøpekrafta vert oppretthalden, seier Breivik. 

Samstundes med at Sparebanken Vest anerkjenner at eit rentekutt er riktig verktøy for å bidra til positiv stimulans av ein krevjande norsk økonomi, er banken og bevisst si samfunnsrolle som ansvarleg sparebank for Vestlandet.

- Sparebanken Vest skal gje kundar god og fornuftig individuell rådgjeving om personleg økonomi, kombinert med at vi skal sikre at banken er tilstrekkeleg kapitalisert til å gje våre 257.000 personkundar og 10.000 bedriftsmarknadskundar på Vestlandet lån i både med- og motgangskonjunkturar, seier Breivik. 

Sparebanken Vest si beste rente for bustadlån gjeld for unge bustadkjøparar. 
- Vi ynskjer at dei unge skal få moglegheita til å kjøpe sin fyrste bustad sjølv i ein tøff bustadmarknad og reduserer renta på eksisterande bustadlån for unge med inntil 0,40 prosentpoeng. Renta på nye bustadlån for unge blir no 2,00 %, seier Breivik i Sparebanken Vest.  

- Men renteendringa vil og komme andre kundar med bustadlån til gode. På ordinære bustadlån med sikkerhet innanfor 75% av bustaden sin verdi og flexilån set vi ned renta med inntil 0,20 prosentpoeng, seier Brevik.

Renta på BSU-innskot vert sett ned til 3,00 % og andre renter på innskot med inntil 0,25 prosentpoeng. 

Endringane gjeld for nye bustadlån frå 31. mars 2016, og for eksisterande lån og innskot frå 1. juni 2016. 


Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor