Farge
Vestlandsindeks 1-2016

Frå særstilling til omstilling

Halvparten av bedriftene på Vestlandet ventar å omstille seg i løpet av dei næraste fem åra, men berre 30 prosent investerer i innovasjon og utvikling i dag, viser Vestlandsindeks nr. 1/2016. Den same undersøkinga viser òg at bedriftsleiarane på Vestlandet meiner at den negative utviklinga i regionen tek eit kvileskjer. Unntaket her er Rogaland, der den negative trenden held fram.

Les heile Vestlandsindeks 1-2016

Vestlandsindeks 1/2016 viser at 46 prosent av bedriftsleiarane meiner at bedrifta deira må omstille seg for å vere levedyktig om fem år. Behovet for omstilling er gjennomgåande for samtlege næringar, uavhengig av om bedrifta er retta mot petroleumsnæringa eller ikkje. Undersøkinga viser òg ein positiv korrelasjon mellom behovet for omstilling og storleiken på bedrifta, både rekna i omsetnad og i talet på tilsette.

– Noreg, og særleg Vestlandet, er inne i ei brytingstid, og ved inngangen til 2016 er det mange eksterne krefter i spel som påverkar næringslivet. Konsekvensane av ein kraftig nedgang i oljeprisen er ein dimensjon, men det skjer òg store teknologiske endringar som snur opp ned på tradisjonelle tankesett og verdikjeder, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.


Vestlandsindeksen for første kvartal blir presentert på Vestlandskonferansen i Grieghallen i dag, med 400 bedriftsleiarar, offentlege leiarar og politikarar til stades. 

– Næringslivet på Vestlandet har tradisjon for å vere tilpassingsdyktig, og funna i Vestlandsindeksen underbyggjer at vestlandsbedriftene er innstilte på å tilpasse seg nye rammevilkår i åra som kjem, seier Fresvik. Ho legg til at dei omstillingane som næringslivet peikar på, inneber store omveltingar både for næringar og bedrifter og for arbeidsstyrken.

Færrast innstilte på omstilling i Rogaland
Sjølv om mange er innstilte på omstilling i bedriftene, er det store skilnader mellom fylka. I Rogaland ventar berre 4 av 10 at bedrifta må omstille seg i løpet av dei komande fem åra, medan det i Møre og Romsdal er nesten 6 av 10.

– Sett i høve til at det er i Rogaland at pilene peikar brattast nedover, er det litt overraskande at det er her vi finn den lågaste delen bedriftsleiarar som seiar at dei må omstille seg for å vere levedyktige, seier Fresvik.
– Kan det skuldast at rogalendingane ventar på at oljeprisen skal auke, og difor «sit på gjerdet» og ventar framfor å vurdere å omstille seg, eller kan forklaringa vere at rogalandsbedriftene har vore så oljefokuserte over så lang tid at det har svekt evna og viljen deira til å tenkje utanfor den boksen der dei høyrer til i dag? spør Fresvik.

– Til rogalandsbedriftene sitt forsvar viser undersøkinga at det er liten skilnad i omstillingsforventinga mellom bedrifter med svært oljeavhengig omsetnad og bedrifter der omsetnaden ikkje har noko å gjere med olje- og gassverksemd. Dette tyder òg på at det skiftet vi no ser, rommar mykje meir enn nedgang i oljepris og oljeinvesteringar. Ny teknologi, auka digitalisering, framvekst av nye grøne næringar og innføring av robotar i arbeidslivet fører òg til store endringar, seier Fresvik. 

Undersøkinga viser størst omstillingsforventing i næringane industri, kraft og oljeutvinning (57 %), forretningsmessig fagleg, vit. og tekn. tenesteyting (57 %) og eigedom og finans (56 %). 

Havbruk og fiske viktigaste næringa om 30 år
På spørsmål om kva som vil vere dei viktigaste næringane på Vestlandet om 30 år, svarar halvparten havbruk og fiske, medan 33 prosent svarar olje, gass og offshore. I Vestlandsindeksen for fjerde kvartal 2013 svarte til samanlikning meir enn 6 av 10 næringslivsleiarar at dei trudde at olje, gass og offshore kom til å blir den dominerande næringa.
– Det er interessant å sjå korleis bråe skifte i omgjevnadene og rammevilkåra bidreg til å endre korleis vi ser på den framtidige næringsstrukturen i løpet av berre litt over to år. Eg meiner det er ein av styrkane til næringslivet på Vestlandet at vi har ein mentalitet som er innstilt på endringar. Samstundes er det slik at dersom nye forretningsidear skal bli til arbeidsplassar, treng vi bedrifter og finansielle aktørar som vil og tør å investere, seier Fresvik. 

Todelinga pregar utviklinga – òg på Vestlandet
Vestlandsindeks 1/2016 viser at den negative utviklinga på Vestlandet tek eit kvileskjer. Vestlandsbedriftene melder om ei utvikling som er meir eller mindre lik tremånadersperioden før. For dei neste seks månadane, derimot, ventar fleire bedrifter i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal at veksten skal utvikle seg i positiv retning. Til samanlikning held den negative trenden i Rogaland fram. Todelinga på Vestlandet, der oljefylket Rogaland skil seg negativt ut, ser difor ut til å bli enda tydelegare. 

Vestlandsindeksen er ei rundspørjing mellom 700 bedriftsleiarar i dei fire vestlandsfylka og blir utarbeidd av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse. Indeksen er ein leiande indikator for utviklinga i produksjon, sysselsetjing og investeringar på Vestlandet. Indeksen gjev eit tal mellom 0 og 100, der eit tal under 50 markerer pessimisme og eit tal over 50 markerer optimisme.

Resultatindeksen viser korleis bedriftene på Vestlandet har opplevd den økonomiske situasjonen dei siste tre månadane. Første kvartal 2016 viser at situasjonen dei siste tre månadane har vore nokolunde lik tremånadersperioden før, og ender på 58 poeng. Underindeksane viser ei svakt negativ utvikling i sysselsetjing og lønsemd, medan investeringar og etterspurnad har teke seg marginalt opp. 

Forventingsindeksen, som viser den venta utviklinga dei neste seks månadane, stig frå 57,9 til 59,8 poeng. Bedriftene har blitt meir optimistiske i alle fylka utanom Rogaland. Det er særleg bedrifter i Hordaland og Møre og Romsdal som har blitt meir optimistiske, og spesielt har bedrifter med ein del av omsetnaden retta mot eksportmarknaden blitt meir optimistiske sidan førre rapport.
– Vestlandsindeksen viser at todelinga mellom oljerelaterte og ikkje oljerelaterte bedrifter blir tydelegare, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest. – Framtidsutsiktene til oljerelaterte verksemder fell framleis, medan den svekte krona og låg rente sørgjer for viktig drahjelp og betre utsikter for den meir tradisjonelle eksportretta industrien på Vestlandet, held Fresvik fram. 

Framleis svak sysselsetjing 

Den svakaste underindeksen i Vestlandsindeksen er sysselsetjingsindeksen, som i første kvartal fell til eit nytt botnnivå på 50 poeng. Dette tyder på at der er like mange pessimistar som optimistar. Rogaland har framleis den største reduksjonen i talet på årsverk på Vestlandet, og prosentdelen bedrifter som svarar at dei har redusert talet på årsverk, stig frå 18 % i fjerde kvartal 2015 til 22 % i første kvartal 2016. 

Forventingar til sysselsetjing over dei neste seks månadane viser derimot ei positiv utvikling og stig frå 51 til 53 poeng. 

Andre interessante funn i undersøkinga: 

  • I Vestlandsindeks 4/2013 trudde 75 % i Rogaland at olje og gass ville dominere om 30 år. I dag er talet 45 %. 
  • Det er Møre og Romsdal som har minst tru på fornybar energi; her svarar 12 % at dette vil vere den viktigaste næringa om 30 år. 
  • Av bedrifter der meir enn 50 % av omsetnaden er knytt til olje, svarar 40 % at dei har redusert talet på årsverk i løpet av dei siste tre månadane. 16 % av dei ventar å redusere talet på årsverk dei neste seks månadane. 
  • 29 % av dei spurde bedriftene svarar at dei i stor grad investerer i innovasjon i dag, og 37 % svarar at dei vil investere i stor grad om fem år. 
  • Innanfor næringa industri, kraft og oljeutvinning svarar 36 % av bedriftene at etterspurnaden har utvikla seg positivt, samanlikna med 61 % i første kvartal 2015. 
  • I næringsgruppa forretningsmessig, fagleg, vit. og tekn. tenesteyting svarar 57 % at dei i stor grad ventar å investere i innovasjon, medan talet for bygg- og anleggsverksemd er 21 %. 

For meir informasjon kontakt: 
Konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest på tlf. 959 28 038


Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor