Farge
Sparebanken Vest - SVEG - Q2 2015

Godt resultat for Sparebanken Vest i 1. halvår 2015

Sparebanken Vest fekk eit resultat før skatt på 755 millionar kroner i fyrste halvår 2015 mot 650 millionar kroner i same periode i fjor.
Vestlandet - Av: Marianne Frønsdal

Resultata for fyrste halvår 2014 er eksklusiv den ekstraordinære vinsten frå sal av banken sine aksjar i Nets og seks av banken sine eigendomar. Halvårsresultatet for 2015 gjev ei eigenkapitalavkastning på 12,3 %, samanlikna med 11,4 % eksklusiv eingongseffektar i fyrste halvår i fjor.  


For andre kvartal isolert fekk banken eit resultat før skatt på 348 millionar kroner mot 290 millionar kroner justert for eingongseffektar i same periode i fjor, tilsvarande ei eigenkapitalavkastning på 11,1 %. Eigenkapitalavkastninga eksklusiv eingongseffektar var i andre kvartal 2014 på 10,7 %.

- Fyrste halvår 2015 har vore framgangsrikt for Sparebanken Vest med auke i tal kundar, netto renteinntekter og andre driftsinntekter. Vi har hatt god utlånsvekst, flat kostnadsutvikling og låge tap. Effektane av dei fire strategiske og prioriterte satsingsområda som banken satte i gang i fjor haust for å nå sine overordna mål, har begynt å materialisere seg. Det er særs gledeleg, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

God utlånsvekst
I fyrste halvår auka banken sine netto renteinntekter til 1.170 millionar kroner frå 1.141 millionar kroner i same periode i fjor. Sparebanken Vest opplever at etterspurnaden etter lån er god, og innan personkundemarknaden var 12 månaders-veksten for utlån på 8,1 % fram til utgangen av juni. 

- Eg er nøgd med at fleire kundar vel Sparebanken Vest som sin bankforbindelse. Det er svært sterk konkurranse i marknaden, og banken har eit klart mål  om å ha konkurransedyktige vilkår for både nye og eksisterande kundar. 
- Som følgje av Finansdepartementet sine nye føresegner om bustadlån, som blei annonsert i juni, er det rimeleg å anta ein meir moderat kredittvekst i marknaden framover. For Sparebanken Vest står difor målsetjinga om 7 % utlånsvekst i personmarknaden for 2015 fast, seier Kjerpeseth.

Målretta SMB-vekst
Innan bedriftsmarknaden har banken lukkast godt med si prioriterte satsing mot små- og mellomstore kundar i fyrste halvår. Aktivt og målretta arbeid ut mot ynskja kundar har i løpet av 1. halvår gjeve banken 231 nye bedriftskundar. Utlånsveksten til bedriftsmarknaden er 5,2 % på tolvmånadersbasis. Banken legg til grunn at utlånsveksten i 2. halvår vil komme ned på eit lågare nivå, men at veksten vil bli noko høgare enn målsetjinga om ein vekst på 2,5 % for heile 2015. 

Kostnadseffektiv drift
Banken sine kostnader var 0,9 % lågare i 1. halvår 2015 samanlikna med same periode i 2014 og er eit resultat av målretta arbeid. Totale driftskostnader var på 723 millionar kroner i fyrste halvår mot 729 millionar kroner i same periode i fjor. Kontinuerlig effektivisering er grunnleggjande nødvendig for å vere konkurransedyktig innanfor banksektoren. 

I fyrste halvår har bidraget frå alle banken sine dotterselskap og deleigde selskap vore positivt. Sparebanken Vest vil halde fram arbeidet med å auke inntektene frå banken sine ulike produkt- og tenesteområder. 

Fleire fondskundar
Lågare renter på bankinnskot har bidrege til at fleire kundar enn tidlegare søkjer høgare avkastning på sparepengane sine. Banken har i løpet av 1. halvår auka forvaltningskapitalen i fond for kundane med nærmare éin milliard kroner, medan det er teikna over 4000 nye spareavtaler. 

Låge tap og god finansiell posisjon
Dei samla tapskostnadane på utlån og garantiar i fyrste halvår er på 77 (170) millionar kroner. Av dette er 71 millionar kroner gruppenedskrivingar, der auken reflekterar eit noko meir usikkert makrobilde. For heile 2015 forventar banken nedskrivingar på rundt 200 millioner kroner basert på auka uvisse rundt utviklinga i norsk økonomi.

Sparebanken Vest sin finansielle posisjon er solid, og banken stettar alle gjeldande regulatoriske kapitalkrav med god margin. Rein kjernekapital per fyrste halvår var 12,3 % inkludert 80 % av resultatet for perioden.
- Sparebanken Vest har ei målsetjing om ei rein kjernekapitaldekning på 13,5 % innan utgangen av 2016 samt ei utbytteutdeling innan 50-80 % av eigenkapitalbeviseigarane sin del av overskotet. Vi held fast på vår ambisjon om å tilby eit attraktivt utbyttenivå samtidig som banken er kapitalisert på tilsvarande nivå som dei største institusjonane, slår administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth fast.

Hovudtal fyrste halvår 2015 (2014 i parantes):
Resultat før skatt: 755 mill. kroner (650*)
Resultat/utvatna resultat pr eigenkapitalbevis: 3,47 kr (3,03* kr)
Rentenetto: 1,61 % (1,68)
Kostnadsprosent: 46,5 % (42,5)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 12,3 % (11,4*)

Hovudtal andre kvartal 2015 (2014 i parantes):
Resultat før skatt: 348 mill. kroner (290*)
Resultat/utvanta resultat pr eigenkapitalbevis: 1,59 kr (1,45* kr)
Rentenetto: 1,59 % (1,69)
Kostnadsprosent: 48,7 % (46,9)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 11,1 % (10,7*)
 
*Fyrste kvartal 2014 var positivt påvirka av oppregulering av aksjene i Nets Holding AS på 166 millionar kroner. Andre kvartal 2014 var positivt påvirka av sal av seks av banken sine eigedomar på 143 millionar kroner. Ved kommentaren eks eingongseffektar er desse engangseffektane tatt vekk frå samanlikningstala for å vise utviklinga i underliggjande bankdrift.

For meir informasjon:
Fullstendig rapport og presentasjon for andre kvartal 2015 finst her.

Kontaktpersonar:
Jan Erik Kjerpeseth, administrerande direktør, tel: 951 98 430
Frank Johannesen, konserndirektør økonomi og finans, tel: 952 65 971
Stig Tore Vangen, investorkontakt, tel: 920 19 134
Lars Ove Breivik, informasjonssjef, tel: 415 06 999, e-post: lars.breivik@spv.no

Presentasjon:
Sparebanken Vest legg fram rekneskapstal for andre kvartal 2015 torsdag 13. august på arrangementet «Hordaland på Børs» kl. 15.00 på Radisson Blu Hotel Royal, Bryggen 
Bergen. 


Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor