
Flott dag til opning av flott kontor
- Gratulerer med nytt, flott kontor. Dette er ein gledens dag og eg forstår at det har vore verdt å vente på, sa regionbanksjef Trygve Waage under opningsseremonien i banken sine lokale.
- Etter å ha arbeidet under relativt kummarlege arbeidsforhold i fleire år fortener dykk betre arbeidsforhold. Eg trur og dette nye lokalet vil vere til stor glede for austevollingane og det lokale samfunnet, fortsette Trygve. Banken sitt førre kontor var nemleg eit midlertidig kontor som skal rivast for å nytte tomta til bygging av ny skule.
- Dykk er eit av banken sitt beste og mest veldrevne kontor, sa han og vende seg til Ragnhild og dei tilsette som jobbar på kontoret til dagleg.
- Når dykk har klart det under så upraktiske kontor som dykk har hatt, vert det jo ekstra spanande å sjå korleis det går framover, fortsett han til latter frå forsamlinga.
Gode formål
Under den store opningsseremonien var Trygve og Ragnhild igjen på talarstolen, men denne gong for å dele ut over 300.000 kroner i ulike allmennyttige midlar til ulike gode formål.
Delar av Sparebanken Vest sitt overskot kvart år delar banken ut til gode formål på Vestlandet. Følgjande lag og foreiningar på Austevoll fekk tildelt allmennyttige midlar frå Sparebanken Vest:
- Austevoll Turlag
- Grendahuset på Storebø
- Røde Kors hjartestartar
- Fagerbakke Vel
- Drøna Vel
- Austevoll Pensjonistlag
- Selbjørn IL
- Studio Austevoll
- Livsstilsenteret
- Austevoll Historielag
- Stolmen Vel
- Selvågen Byggefelt
- Stolmen Helselag
- Austevoll Kunstforening
- Kulturoperatørene