Farge
Vestlandsindeks 2 2015

Nytt botn-nivå for Vestlandsindeks

Vestlandsindeks 2/15 stadfester at den låge veksten i vestlandsøkonomien har fått fotfeste. Dei 700 bedriftene i undersøkinga seier at utviklinga dei tre siste månadane har gått dårlegare og resultatindeksen går ytterlegare ned for fjerde kvartal på rad. Det er særleg utviklinga i Rogaland som trekkjer mest ned. Forventningsindeksen er på si side framleis meir positiv enn resultatindeksen, og det kan truleg forklarast med utsiktene til betra konkurranseevne for bedriftene gjennom lågare lønsvekst og svak krone.

Last ned heile Vestlandsindeks i pdf-format her.

Pilene peikar ned for Vestlandsindeks og både resultat- og forventningsindeksen syner det lågaste botn-nivået sidan indeksen blei lansert i 2012. Resultatindeksen, som indikerer korleis bedriftene har opplevd dei siste tre månadane, går frå 61,7 til 59,8, medan bedriftene sine forventingar til det neste halvåret er stabil frå føregåande kvartal med ein indeksverdi på 63. I løpet av det siste året har likevel forventningsindeksen falle frå 67 til 63.

Vestlandsindeks er ei rundspørjing blant 700 bedriftsleiarar i dei fire vestlandsfylka utarbeida av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse. Den er ein leiande indikator for utviklinga i produksjon, sysselsetjing og investeringar på Vestlandet. Indeksen kan komme ut på eit tal mellom 0 og 100, der eit tal under 50 indikerer optimisme og eit tal over 50 indikerer optimisme.

- Utviklinga i indeksen er i det store og heile som forventa og syner dei trendane vi ser hjå bedriftene i Vest. Bedrifter som har ein stor del av omsetjinga vridd mot olje og gass-sektoren rapporterer framleis om dårlegare resultatutvikling, med ein resultatindeks på 45 – eit fall med heile 7 poeng sidan førre kvartal. Desse bedriftene rapporterer at de har vore – og kjem til å vere – restriktive med investeringane. Det same gjelder i forhold til tilsetjingar og sysselsetjing, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.

- Likevel er det interessant å sjå at det er færre bedrifter som forventar å redusere tal årsverk dei neste seks månadane enn dei som rapporterer at dei faktisk har gjennomført nedskjeringar i arbeidsstokken dei tre siste månadane. Samtidig er det mest sannsynleg for tidleg å sei om vi no har lagt bak oss dei største rundane med nedskjeringar, seier Fresvik.

Kronekursen meir viktig enn oljeprisen

I Vestlandsindeks i 2. kvartal 2015 blei bedriftene spurt om kva parameter som i stor eller svært stor grad hadde innverknad på lønnsemda i bedrifta. Heile 46 prosent av bedriftene melder at utviklinga i kronekursen er blant dei viktigaste faktorane som påverkar lønnsemda i bedrifta, dernest etterspurnaden frå utlandet og oljeprisen.

For ei rekkje konkurranseutsette bedrifter på Vestlandet er kronekursen eit viktig element. Parallelt med fallet i oljeprisen har den norske krona svekka seg kraftig det siste året. Det er særleg varehandel og tradisjonell industri som blir påverka av valutakursen, men med motsett forteikn. For varehandelen betyr fall i kronekursen auka importprisar og svekka lønnsemd. For den eksportretta industrisen vil eit fall i kronekursen auke eksportprisen, målt i norske kroner, og difor gje auka lønnsemd.

-For eksportbedrifter, som det er mange av på Vestlandet, er nok ein lågare kronekurs særs kjærkommen. Lågare norsk krone aukar konkurranseevna til eksportbedrifter i fleire næringar, og tala frå Vestlandsindeks tyder på at den svake kronekursen fungerer som ein viktig støytdempar for ein oljesmurt vestnorsk økonomi, seier Fresvik i Sparebanken Vest. 

- Kombinasjonen av ei svakare krone og teikn til at det blir eit moderat lønnsoppgjer i år er viktig for lønnsemda til vestlandske bedrifter, seier Fresvik.

Uroa over fall i investeringane

Det som trekkjer ned Vestlandsindeks mest, er den svake utviklinga i underindeksane sysselsetjing og investeringar. Ei overvekt av bedriftene som har meir enn 10 prosent av omsetjinga si retta mot olje- og gassverksemd melder om fall i investeringane i fyrste kvartal.

-Det at oljeinvesteringane held fram med å minke var som venta, men det er ekstra urovekkande at investeringstakta til bedrifter på fastlandet og ser ut til å gå ned. Fastlandsbedriftene sine investeringar har hatt ei svak utvikling held sidan finanskrisa starta. Utviklinga i investeringane vil vere ein av parameterane som vi kjem til å følgje tett framover, seier Fresvik.

- Det er fordi investeringar er den viktigaste katalysatoren for å auke produktivitetsveksten og såleis sikre langsiktig verdiskaping.  Dersom investeringsveksten held fram med å minke risikerer vi at det kan gje negative konsekvensar, blant anna i form av auka arbeidsløyse og lågare  BNP-vekst på lang sikt, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør i Sparebanken Vest.

 Andre interessante funn i undersøkinga:

  • 49 % vurderer marknadsutsiktene for dei seks neste månadane som gode mot 54 % i førre måling, og 62 % i 2.kv 2014.
  • 43 % ventar betring i lønnsemda dei seks neste månadane mot 49 % i førre måling, og 56 % i 2.kv 2014.
  • 24 % seier utsalsprisar har auka dei tre siste månadane,  mot 32 % i førre måling.
  • 23 % seier dei vil auke investeringane dei seks neste månadane mot 29 % i førre måling, og 28 % i 2. kv 2014.
  • 17 % har auka tal årsverk dei siste tre månadane, medan14 % har redusert tal årsverk.
  • 23 % ventar å auke arbeidstokken  dei seks neste månadane, medan 10 % vil redusere. I 2. kv 2014 var talene hhv 28 % og 6 %.
  • 19 % seier dei vil ha problem med å auke kapasiteten om etterspurnaden aukar, medan 55 % seier det ikkje vil by på vanskar. I 2. kv 2014 var talene hhv 28 % og 45 %.

For meir informasjon vennligast kontakt:
Konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest på tlf: 959 28 038

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor