Farge
Sparebanken Vest kvartalsrapport Q1 2015

Styrka resultat 1. kvartal 2015

Sparebanken Vest fekk eit resultat før skatt i fyrste kvartal på 407 millionar kroner. Eksklusiv gevinst på basis-swapper er resultatet 370 millionar kroner. I tilsvarande periode i fjor var resultatet eksklusiv gevinst ved sal av eigarskapet i Nets på 360 millionar kroner. Eigenkapitalavkastninga er på 13,6% og 12,4% ekskl. basis-swapper. I same periode i fjor var eigenkapitalavkastninga 11,9% ekskl. Nets.

- Basert på underliggjande drift er resultatet styrka samanlikna med fjoråret. Konsernet si kostnadsstyring er god og kostnadane er redusert med 2,2 prosent frå fjoråret. Andre inntekter viser også ei positiv utvikling. Samanlikna med fyrste kvartal i fjor har Sparebanken Vest hatt ei auke på 83% i teikning av fondsavtalar, og størst interesse har det vore for kombinasjonsfond. Banken forvaltar no over 5,7 milliardar kroner i fond for kundane, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Kostnadsprosenten for fyrste kvartal eksl. basis-swapper er 46,5 % mot 47,2 % ekskl. Nets i fyrste kvartal 2014. Kostnadsutviklinga er i god rute for å nå målet om 2% gjennomsnittleg kostnadsvekst i morbanken.

Nominell rentenetto i kvartalet var 586 (566) millionar kroner, tilsvarande 1,63 (1,67) % av gjennomsnittleg  forvaltningskapital. 

Moderate tap

Dei samla tapskostnadane på utlån og garantiar er i  fyrste kvartal på 39 (47) millionar kroner. Av dette har 36 millionar kroner samanheng med gruppenedskrivingar.

- Dette reflekterar at det er tatt høgde for eit noko meir usikkert makrobilde framover  med bakgrunn i fallande oljepris, seier Kjerpeseth.

Auka innskotsmarginar og svak nedgang i utlånsmarginar

Det er sterk konkurranse om bustadlånkundane og Sparebanken Vest justerte ned rentene på bustadlån ved inngangen av fyrste kvartal.

- Renteendringane medførte også ei justering av innskotsrentene. Noko lågare utlånsmarginar er i stor grad kompensert gjennom betre innskotsmarginar i både personmarknaden og bedriftsmarknaden, seier Kjerpeseth.

Fleire av banken sine kundar nyttar seg også av historisk låge fastrenter.

-Veksten i fasterentelån held fram, og følgjer trenden frå hausten 2014. Av totalt nyvolum på bustadlån i personmarknaden har 40 prosent vore fastrentelån i årets tre fyrste månadar, seier Kjerpeseth.

Resultat- og omsetjingsauke i Eiendomsmegler Vest

Deleigde selskap og Eiendomsmegler Vest bidrar samla med 20 millionar kroner til resultatet, samanlikna med 16,5 millionar kroner i same periode i fjor.  Eiendomsmegler Vest sitt resultat var 6,3 (-1,5) millionar kroner i fyrste kvartal.

- Eiendomsmegler Vest har fått ein god start på året med ei omsetjingsauke på over 28 prosent samanlikna med same periode i fjor. Dette skyldast ein god marknad kombinert med at vi no ser resultata av forbetra samhandling mellom bank og Eiendomsmegler Vest. Ein forventar ei enda meir kostnadseffektiv drift når enkelte stabs- og støttefunksjonar overførast til Sparebanken Vest i juni, seier Kjerpeseth.

Brage Finans og Norne Securities bidrar også positvt til banken sitt resultat i fyrste kvartal med høvesvis 3,2 millionar kroner og 0,8 millionar kroner. Frende Forsikring sitt resultatbidrag er 8 (12) millionar kroner. Nedgangen i inntektene frå Frende i fyrste kvartal mot same periode i fjor skuldast mellom anna høgare skadeutbetalingar i samanheng med ekstremværet «Nina» i byrjinga av 2015.

Stabil og god soliditet

Sparebanken Vest sin finansielle posisjon er robust og 75 prosent av banken si utlånsportefølje består av lån retta mot personmarknaden. Banken tilfredsstiller alle gjeldande regulatoriske kapitalkrav med god margin. 

Banken si målsetjing om å møte nye regulatoriske kapitalkrav framover over drift med tilfredsstillande margin ligg fast. Dagens marginbilde kombinert med positiv utvikling i andre inntekter, god kostnadskontroll og moderate tap er viktige føresetnadar for å byggje eigenkapital over drifta. 

Rein kjernekapital per fyrste kvartal er 12,3 % inkludert 80 % av resultatet for perioden.

Sparebanken Vest si kapitaloppbyggjing følgjer plan, og banken opprettheld målsetjinga om ein utlånsvekst i 2015 på 7 % i privatmarknaden og 2,5 % i bedriftsmarknaden.

Sparebanken Vest framover

Banken har fire strategiske satsingsområde fram mot 2016 som skal underbyggje konsernet sine to overordna mål; Kundeløfte der tillit, enkelheit og lokalt engasjement står sentralt, og Finansielt mål på ROE > 11 %.

-Den sterke kundeorienteringa held fram. Vi har nyleg utvida opningstidene for Kundeservice til å gjelde alle dagar frå klokka 07 til klokka 23. Tidligare i kvartalet kom banken på tredjeplass i TNS Gallup si kundesenterkåring, og i ei fersk kåring fekk mobilbanken til Sparebanken Vest ein sterk andreplass i samanlikning med 13 andre bankar. Det viser at vår strategi med lokal eigenutvikling av digitale tenester gjev resultat, og blir godt mottatt av våre kundar, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth.

Hovudtal fyrste kvartal 2015 (2014 i parentes):

Resultat før skatt: 407 mkr (526)
Resultat/utvatna resultat pr eigenkapitalbevis: 1,88 kr (2,66)
Rentenetto: 1,63 % (1,67)
Kostnadsprosent: 44,4 % (38,8)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 13,6 % (19,8)

Meir informasjon:

Sjå vedlagt delårsrapport og delårspresentasjon.
Fullstendig rapport for fyrste kvartal 2015 finst også på www.spv.no.

Kontaktpersonar:

Jan Erik Kjerpeseth, administrerande direktør, tel: 951 98 430
Frank Johannesen, konserndirektør Økonomi og finans, tel: 952 65 971
Stig Tore Vangen, investorkontakt, tel: 920 19 134
Lars Ove Breivik, informasjonssjef, tel: 415 06 999, e-post: lars.breivik@spv.no

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor