Farge
Kåring mobilbank april 2015
Sparebanken Vest er på Topp 3 i nesten alle underkategoriar i kåringa og får ei totalscore på 70. (Kjelde: penger.no / Deloitte / Halogen)

Sparebanken Vest på andreplass i kåring av beste mobilbank

Med ei totalscore på 70 kjem Sparebanken Vest godt ut i kåringa som samanliknar 13 bankar.

Undersøkinga er gjennomført av nettstaden penger.no  i samarbeid med konsulentfirmaet Deloitte og kommunikasjons- og designbyrået Halogen, og syner at det er store forskjellar på bankane sine mobilbankløysingar. Brukarvennlegheit har stått sentralt i vurderinga, og kategoriane som har vore undersøkt er "Visuell design, Mi oversikt, Navigasjon, Forfallsregister, Lett å bruke, Kundeservice tilgjengeleg (eks. chat) og Sperre kort".

- Me er først ute blant bankane i Noreg med chat i mobil og får dermed full utteljing på tilgjengelegheit for Kundeservice, seier Torvald Kvamme som er leiar for digitale kanalar i Sparebanken Vest.

- Men me meiner og at me har det mest moderne transaksjonssøket av mobilbankane, men det er ikkje vurdert i denne kåringa. Me ser sjølvsagt på resultatet i denne kåringa som ei fjær i hatten for banken si satsing på mobilbank, men er samstundes edrueleg på at dette ikkje er ein vitskapeleg gjennomført kåring. Mest av alt er det ei stadfesting på at me er i paritet med våre konkurrentar på basisfunksjoner i mobilbanken, samstundes som me har ein spydspiss gjennom chat i mobil. Kundeservice har omlag 800 førespurnader i veka gjennom denne funksjonen, og me ser at stadig fleire nyttar han  etter klokka 21, seier Kvamme.

Kvamme meiner og at dette syner at det er mogleg å få til bra løysingar sjølv med mindre ressursar enn fleire av konkurrentane.
- Me jobbar kontinuerleg med å gjere daglegbankfunksjonar tilgjengeleg i mobilbanken og neste større implementering er bestilling/re-bestilling av debetkort, avsluttar Kvamme.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor