Farge
Vestlandsindeks nr. 1 2015
BLÅTT OG SORT GULL LIKE VIKTIGE I 2045: Vestlandsbedriftene trur no at havbruk og fiske blir ei like viktig næring som olje og gass om 30 år.

Vestlandsbedriftene avventande til den økonomiske situasjonen

Vestlandsindeks 1/2015 indikerer lågare vekst på Vestlandet, og bedriftene på Vestlandet melder at dei tre siste månedane har gått dårlegare og resultatindeksen svekker seg.

Forventningsindeksen viser på si side ein liten oppgang, og speglar at dei bedriftene som ikkje har omsetjing relatert til oljeverksemd er stabilt optimistiske. Framtidstrua til oljerelaterte bedrifter svekker seg likevel ytterlegare. Vestlandsindeks viser også at med fallet i oljeprisen og oljeinvesteringane har også forventningane til kva vi skal leve av i framtida endra seg markant i løpet av det siste halvanna året. 

Les meir om Vestlandsindeks og rapporten her.

No trur Vestlandsbedriftene at havbruk og fiske blir ei like viktig næring som olje, gass og offshore om 30 år. 

Ragnhild Janbu Fresvik- Etter ei tid med stadige nyheiter om nedbemanning og innstrammingar innan oljerelaterte næringar bekreftar Vestlandsindeks at bedriftene opplever tøffare tider. Samtidig er det positivt å sjå at trua på framtida held seg stabil, og at svakare oljeimpulsar til no ikkje ser ut til å ha hatt nemneverdig påverknad på framtidstrua til bedrifter som ikkje er oljerelaterte, seier konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik. 

Vestlandsindeks er en kvartalsvis rundspørjing blant 700 bedriftsleiarar i dei fire vestlandsfylka gjennomført i samarbeid mellom Sparebanken Vest og Respons Analyse, og kan komme ut på eit tal mellom 0 og 100, der eit tal under indikerer pessimisme og eit tal over 50 indikerer optimisme. For fyrste kvartal 2015 viser Vestlandsindeks ein resultatindeks på 60,7 og ein forventningsindeks på 63,3. Resultatindeksen viser bedriftene si oppleving av marknadssituasjonen dei siste tre månadane medan forventningsindeksen viser bedriftene sine forventingar til marknadssituasjonen dei neste seks månadane. Tilsvarande tal for fjerde kvartal 2014 var 61,6 og 63,2. 

- Fleire av bedriftene nyter godt av lågare rente, svak kronekurs, forventningar om lågare lønnsvekst og ikkje minst forbetra tilgang til kvalifisert arbeidskraft. Like fullt ser ein at Vestlandsbedriftene har inntatt ein «vente-og-sjå» haldning der ringverknadane frå lågare aktivitet i oljerelatert sektor enda ikkje har gitt seg utslag i deira verksemder, fortset Fresvik. 

Samla er framleis 56 prosent av verksemdene positive til det neste halvåret, medan 8 prosent er negative. Aukande arbeidsløyse og reduserte lønskostnader? Uoffisielle tal indikerer at over 10.000 oljejobbar har forsvunne i Noreg det siste året. Arbeidsløysa har auka noko, men ikkje tilsvarande, og ifølgje Nav har den nasjonale arbeidsløyse auka noko, men ikkje tilsvarande, og ifølgje Nav var den nasjonale arbeidsløysa på 3,0 % i februar. Vestlandsindeks viser at 17 % av bedriftene har auka tal årsverk dei siste tre månadane, medan 13 % har redusert. Framover melder 24 % at dei vil auke talet årsverk i løpet av dei seks neste månadane, medan 7 prosent svarer at dei vil redusere. 

Samstundes forventar 24 prosent av verksemdene som har meir enn 50 prosent av omsetninga knytt til olje- eller gassrelatert næringa å kutte ytterlegare i talet på årsverk dei seks neste månadane. Resultat frå Vestlandsindeks 1/2015 indikerer at situasjonen i oljesektoren ikkje har stabilisert seg, og at arbeidsplassane i bransjen framleis er under eit stort press. 

- På same tid indikerer dette at arbeidsmarknaden fungerer, og at det kan sjå ut som om fleire av dei overtalige i oljebransjen vert absorbert i andre bedrifter eller i det offentlege, seier Fresvik. 

Med teikn til stigande arbeidsløyse har og bedriftene sine forventningar til framtidig lønnsvekst vorte kraftig redusert. 55 prosent av bedriftene som forventa ei kostnadsauke i fjerde kvartal 2014 viste til auka lønskostnader som årsaka for dette. I fyrste kvartal fall denne dette til 31 prosent. Samstundes er ikkje lenger knapp kapasitet ein avgrensande faktor for vestlandsbedriftene då 63 % av bedriftene ikkje vil ha vanskar med kapasiteten om etterspurnaden aukar. Det er opp frå 50 % for eitt år sidan, og dess meir oljeavhengig dess meir ledig kapasitet. 

Tru på havbruk og fiske
Vestlandsbedriftene trur no at havbruk og fiske blir ei like viktig næring som olje og gass om 30 år. Laco AS, som er hovudaksjonær i både Austevoll Seafood ASA og DOF ASA, har gjennom meir enn tretti år utvikla eit betydelig eigarskap i leiande selskap med global tilstadeverelse innan både sjømat og Offshore/Subsea-verksemd.

- Laco vil uavhengig av svingingar fortsette med sin strategi som inneber å vere ein aktiv langsiktig industriell eigar i våre porteføljeselskap. Selskapet er særs bevisst at ein er engasjert i to næringar som og historisk har vore prega av volatilitet og store svingingar. Slik volatilitet har gitt selskapet, og porteføljeselskapa, store moglegheiter, seier Helge Singelstad som er administrerande direktør i Laco AS.

Vidare peiker Singelstad på at det er gledeleg, men ikkje overraskande at langt fleire har forstått kva betyding havbruksnæringa allereie har, og vil få, for regionen og nasjonen. Norsk havbruksnæring er noe så sjeldan som ein norsk matprodusent som er overlegent konkurransedyktig, truleg uansett kva type matproduksjon ein samanliknar med, ikkje minst ut i frå eit miljømessig bærekraft-perspektiv. Singelstad meiner og at skal aktørane i havbruksnæringa vere i stand til å utnytte det potensialet den har, må og politikarane vere næringspolitisk interessert og skaffe seg faktabasert kunnskap om næringa før implementering av reguleringsmekanismer. 

- Politisk langsiktigheit kan ikkje overvurderast, det ser vi mellom anna gjennom resultatet av den langsiktige politiske tenking som i si tid la grunnlaget for utviklinga av norsk sokkel. Vi etterlyser evner til langsiktig tenking frå politikarane for å sikre at Noreg fortsatt kan vere globalt leiande innan havbruk, avsluttar Singelstad.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor