Farge
Sparebanken Vest kvartalsrapport Q4 2014

God kostnadsstyring sikrer resultatforbetring i 2014

Sparebanken Vest fekk eit resultat før skatt på 1.493 millionar kroner i 2014 samanlikna med 1.221 millionar kroner året før. Det gjer ei eigenkapitalavkastning på 13,7 % for året mot 11,7 % i 2013.
Styret sitt forslag til utbytte for 2014 ovanfor representantskapet er kroner 4,00 per eigenkapitalbevis, opp frå 3,00 kroner per bevis i 2013. 

Netto renteinntekter viste ein stabil vekst i 2014 til 2.320 millionar kroner, opp frå 2.161 millionar kroner i 2013. Kostnadsprosenten, målt som kostnadar i prosent av inntekter, blei forbetra frå 48,8 % i 2013 til 45,5 % i 2014.

Årsresultatet speglar også ein vekst i provisjonsinntekter, betring i finansielle inntekter og auka resultatbidrag frå produktselskapa som banken er medeigar i, medan auka nedskrivningar på utlån trekk ned resultatet.
- 2014 har vore eit krevjande, hendingsrikt og godt år for Sparebanken Vest. Ny organisering av banken har teke form, eit omfattande leiarutviklingsprogram er iverksett, og det er danna ei ny strategisk plattform med tilhøyrande tiltak. Eg vil rose dei tilsette for det målretta og systematiske arbeidet som har blitt utført i alle ledd. Effektane av dei grepa vi har gjort i 2014, forventar vi skal synleggjere seg vidare inn i 2015, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

- For å sikre konkurransekraft og vår sterke, sjølvstendige posisjon på Vestlandet, samt tilpasse banken til ein moderne bankhverdag har vi over tid arbeida for å redusere kostnadane. No ser vi positive resultat frå desse tiltaka. Driftskostnadane eksklusiv eingangskostnadar viser ei flat utvikling for konsernet siste år, og Sparebanken Vest har oppnådd 0 % vekst i kostnadane i morbanken frå 2012-2014. Det er eg godt nøgd med, seier Kjerpeseth. 

Vekst over mål
Sparebanken Vest sin finansielle posisjon er robust der 76 % av utlånsporteføljen består av lån retta mot personkundemarknaden. Etterspurnaden etter lån har vore god gjennom året, og utlånsveksten til personmarknaden har vore noko høgare enn målsetjinga med ein tolvmånadersvekst på 7,3 %.
- Den sterke konkurransen om bustadlånkundane kombinert med nedsetjing av rentene sett press på utlånsmarginane, og banken forventar at presset på rentemarginane vil halde fram, seier Kjerpeseth.

Digital utvikling
Tempoet i den digitale utviklinga auka ytterlegare i 2014, og endringstempoet auka. Eit resultat av dette er betydeleg auka bruk av sjølvbetente og digitale kanalar.
- I desember 2014 passerte mobilbanken til Sparebanken Vest over 1 million brukarar. Mobilbanken har gått forbi nettbanken, og er no banken sin største kanal ut mot kundane, seier Kjerpeseth.

- Nye digitale tenester gjer det mogeleg med meir effektive prosessar, auka automatisering av standardiserte tenester og effektivisering av banken si drift. I 2015 vil banken kapitalisere på allereie etablerte plattformer for sjølvbetening og sikre auka samspel mellom dei digitale flatene og banken sin fysiske distribusjon. Banken sitt kontornett på Vestlandet vil framleis vere eit av banken sine største konkurransefortrinn og dette er noko som vi skal bevare og vidareutvikle. Arbeidet med å tilpasse kontora sitt innhald til kundane sitt behov har allereie byrja og vil halde fram, fortel Kjerpeseth. 

Restrukturerte bedriftsportefølja
Året 2014 vart prega av at banken restrukturerte delar av porteføljen sin innanfor bedriftsmarknaden, og banken er difor betra rusta for å møte ei noko meir usikker makroutvikling i Norge i 2015.

Arbeidet innan bedriftsmarknaden med å spisse satsinga mot små- og mellomstore bedriftskundar, gav resultater i form av ein netto vekst på 431 kundar, tilsvarande 5 % i 2014.

Over 80 % av utlånsvolumet i bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest utgjer engasjement på under 150 millionar kroner, og bransjediversifiseringa er god. Utlånsveksten til bedriftsmarknaden er for 2015 målsett til 2,5 % då det framleis er naudsynt å byggje kapital for å nå framtidige kapitalkrav.
- Den finansielle posisjonen til Sparebanken Vest er robust, og banken tilfredsstiller alle gjeldande regulatoriske kapitalkrav med god margin. Vi har ei målsetjing om ei rein kjernekapitaldekning på 13,5 % innan 2016, og banken har ei inntjening som gjer at vi er i rute med å nå myndigheitene sitt kapitalkrav utan å måtte hente kapital eksternt, seier Kjerpeseth. 

- Når banken har innfridd dei regulatoriske kapitalkrava, vil banken auke utdelingsgraden innanfor banken sin utbyttepolicy. 

Auka kontant- og samfunnsutbytte

Resultatet per eigenkapitalbevis var i 2014 på 7,66 kroner mot 6,13 kroner i 2013. 

Styret foreslår ovanfor representantskapet eit kontantutbytte på 4,00 (3,00) kroner per eigenkapitalbevis. Dette svarar til ei utdelingsgrad på 52,9 % (51,6 %) av eigenkapitalbeviseigarane sin andel av resultatet. 

Utbytteforslaget er innanfor ramma av Sparebanken Vest sin utbyttepolitikk. Vidare er det gjort framlegg om at det delast ut 50 (40) millionar kroner i allmennyttige midlar som skal bidra til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet. Samla sett inneber dette at Sparebanken Vest vil halde tilbake 84,2 % (83,9 %) av overskotet for 2014.

HOVUDTAL 2014 (2013 I PARENTES):
Resultat før skatt: 1.493 mill. kroner (1.221)
Resultat/utvatna resultat pr eigenkapitalbevis: 7,66 kr (6,13)
Rentenetto: 1,68 % (1,67)
Kostnadsprosent: 45,5 % (48,8)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 13,7 % (11,7)
Rein kjernekapitaldekning (Basel I gulv): 12,2 % (11,2)

HOVUDTAL FJERDE KVARTAL 2014
Resultat før skatt: 356 mill. kroner (246)
Resultat/utvatna resultat pr eigenkapitalbevis: 1,79 kr (1,33)
Rentenetto: 1,68 % (1,71)
Kostnadsprosent: 49,0 % (43,9)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 12,2 % (9,8)

For meir informasjon:
Sjå vedlagte rapport og presentasjon.

KONTAKTPERSONAR:
Jan Erik Kjerpeseth, administrerande direktør, tel: 951 98 430
Frank Johannesen, konserndirektør finans og risikostyring, tel: 952 65 971
Stig Tore Vangen, investorkontakt, tel: 920 19 134
Lars Ove Breivik, informasjonssjef, tel: 415 06 999, e-post: lars.breivik@spv.no

Presentasjon:
Sparebanken Vest presenterar rekneskapstal for 4. kvartal og 2014 onsdag 4. februar kl. 17.15 i Oslo.
Presentasjonen finn stad i KS-bygget, Haakon VIIs gate nr. 9, møterom Abelhaugen.


Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor