Farge

Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt - men manglar pengar?
Hovedbilde
Ein god idé må ha flukt over seg, samstudes som ein ikkje må miste fotfestet. Foto: Jan Helge Aalbu




















Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd Visjon Vest har sett av 3 millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidear i ein tidlig prosjektfase.

Handsaming av søknader
Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane handsamar søknader. Styret i stiftinga tildeler midlar etter innstilling frå Kunnskaparken. Styret har møte ein gang pr kvartal. Søknadsfrist for å komme til vurdering i eit styremøte er tre veker før møtedato.

Styremøter som skal haldast i 2008 :
- 28. april - Søknadsfrist her er 16. april
- 02. september - søknadsfrist 12. august
- 27. november - søknadsfrist 6. november

Tildeling
Tildeling kan vera inntil kr. 300.000 pr. prosjekt.. Det er mulig å få tildeling fleire gonger. Utdeling kan gjerast i fleire omgangar. Dette for eventuelt å sjå til at midlar vert nytta i tråd med søknad. For søkjarar som får støtte med atterhald om flytting til Sogn og Fjordane, kan det verte stilt vilkår til utbetaling eller krav om eventuell tilbakebetaling om ikkje flytting vert gjennomført..

Ved spørsmål kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Kontaktperson: Jøril Hovland
Tlf: 48 21 97 80
e-post: joeril@kpsf.no

http://www.kunnskapsparken-sf.no/

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor