Farge

Vi sluttar ikkje å gje til Vestlandet

Den opphavlege sparebankmodellen bygd på samfunnsutbytte er tryggare enn å organisere bankane som stiftingar.

Laurdag 19. mai presenterte Bergens Tidende ein større artikkel om Sparebankstiftinga DNB NOR som varslar at dei ikkje lenger skal gje støtte til kunst- og kulturprosjekt på Vestlandet. Frå no av skal dei konsentrere seg om Austlandet, og det vil ikkje lenger vere mogleg for organisasjonar på Vestlandet å søkje midlar frå stiftinga.

Ved første augnekast kan det sjå ut som om saka gjeld ei endring av tildelingsstrategien frå den største stiftinga i landet, men etter vårt syn er oppslaget eit viktig varsel om ei grunnleggjande endring på eit svært viktig felt i norsk samfunnsliv: Sparebanksektoren.

Uviss framtid
- Sparebankstiftelsene er blitt store, mektige og viktige, seier professor Tore Bråthen ved BI.
Men medan sparebankideen har synt seg berekraftig og utviklande for svært mange lokalsamfunn i Noreg frå 1822 og fram til i dag, har vi faktisk svært avgrensa kunnskap om kor store, mektige og viktige sparebankstiftingane vil vere om vi ser lengre fram i tid.

Kan tape kapitalen
Det vi har av erfaringar i nyare tid syner at det slett ikkje er utan risiko å leggje grunnfondet, altså den samfunnseigde kapitalen, ut i ei stifting, for deretter å omdanne bankverksemda til aksjesparebank. I Noreg har vi kort historikk på dette med sparebankstiftelsar, mens i Sverige er store delar av samfunnseigarskapet i sparebankane omgjort til stiftelsar.

Heile 2/3-deler av den svenske samfunnseigde sparebank-kapitalen blei tapt av dei svenske sparebankstiftelsane under førre finanskrise. Midlar som var bygde opp i tallause lokalsamfunn gjennom hundreår gjekk tapt.

Vidare ser vi dei første konsekvensane av at Sparebanken SR-bank, som spelar ei svært viktig rolle i Rogaland, har lagt ut sitt grunnfond i ei stifting.

Sparebankstiftelsen SR Bank måtte kort tid etter omdanninga selje seg ned i banken for å kunne vere med på den siste emisjonen, og mykje tyder på at den viktige regionbanken vil ha mindre fleksibilitet til å ta vare på/ta hand om/ta seg av/sikre/tryggje/sjå etter regionalt samfunnsansvar med stiftinga som forretningsmodell.

Berekraftige sparebankar
Stiftelsen kan fort måtte velje mellom – å halde igjen kapital for å sikre ein stor eigardel slik at dei kan utgjere eit oppkjøpsvern for banken, eller vere ein stor regional aktør innanfor samfunnsstøtte.
Gjennom Eigenkapitalbevismodellen ville oppkjøpsvernet vore sikra, og ein stod friare til å disponere midlar til glede for regionen. Dei norske sparebankane har historisk hatt eit vesentleg særtrekk: Samfunnseigarskap.

Då sparebankane vart oppretta i førre hundreår var det visjonært sosialt entreprenørskap som låg til grunn. Gjennom skiftande tider og finanskriser har sparebanknæringa her til lands vist seg berekraftig og langsiktig i sitt arbeid for verdiskaping i lokalt nærings- og samfunnsliv.

Samfunnsutbytte
Når talet på sparebankstiftingar aukar sterkt, får det også ein annan konsekvens: Samfunnseigarskapen i våre sparebankar vert tilsvarande svekka. Det krev eit vake blikk for korleis vi skal forvalte dei midlane som lokalmiljøa har skapt over lang tid. Stiftingane sine allmennyttige midlar bør ikkje forvaltast som gåver basert på skiftande preferansar og fokus på å skape identitet for stiftinga sjølv.

Allmennnyttige midlar bør etter vårt syn forvaltast som det dei faktisk er: Samfunnsutbytte som på ny skal skape verdiar for dei lokalsamfunna som utvikla verdiane.

Vi tar samfunnsansvar
For Sparebanken Vest har denne problemstillinga vore eit viktig strategisk val: Ved å halde fast ved den opphavlege sparebankmodellen ønskjer vi å sikre vår rolle som regional medspelar, også for framtida. Dei siste ti åra har banken gjennom Visjon Vest kanalisert 575 millionar kroner i samfunnsutbytte til Vestlandsregionen. Brorparten av desse midla har gått til prosjekt som er relaterte til oppvekst, utdanning og styrking av samfunnsviktige fellesskap.

I same periode er vårt bidrag 215 millionar i sponsorsamarbeid, og sist men ikkje minst: Vi har vore med å skape nærmare 250 nye kompetansearbeidsplassar i Bergen dei siste åra.

Difor er det inspirerande for oss at Finansdepartementet no legg særleg vekt på sparebankane sitt samfunnsansvar i Finansmarknadsmeldinga som vart lagt fram nyleg:
«Det viktigaste samfunnsansvaret til bankar og andre finansinstitusjonar går ut på berekraftig utføring av opplagde kjerneoppgåver. Men soga om norske sparebankar fortel òg om eit vidare samfunnsansvar. Dette samfunnsansvaret kan utviklast vidare – av sparebankane og sparebankstiftingane – i samsvar med tida og tilhøva».

Fremjar demokrati
Sparebankane har frå 1830-talet vore sentrale i etableringa av viktige strukturar i samfunnet som universitet, museum, teater, jernbane, parkar og mykje meir.

Dagens samfunn er naturleg nok vesentleg meir utvikla, men det er framleis svært viktig å ha ei vital norsk sparebanknæring som kan forsterke ein av dei viktigaste infrastrukturane i vår tid, nemleg demokrati og offentleg debatt: «Gåveinstituttet til sparebankane er eit tradisjonsrikt innslag i norsk finansnæring og eit uttrykk for lokalt og regionalt samfunnsansvar. Sparebankar har gjennom historia gjeve tilskot og løyvingar til ymse allmennyttige føremål og såleis styrkt den demokratisk deltakinga og den offentlege samtala i Noreg».

Så difor vil Sparebanken Vest ikkje slutte å kanalisere samfunnsutbytte til Vestlandet og vidareføre vårt samarbeid med svært viktige regionale røyster som t.d. Litteratursymposiet i Odda, Skrivekunstakademiet, Norsk Klimastiftelse, Fargespill, Førdefestivalen og dei mange tusen frivillige som brenn for sterke fellesskap i sterke lokalmiljø.


Fakta:
Sparebankane sin eigenkapital har historisk vore opparbeidd gjennom lokal bankdrift frå den første sparebanken vart etablert i 1822. Sparebankane er dermed eigde av lokalsamfunna der dei har hatt si verksemd i snart 190 år.

I tillegg har vi nokre større sparebankar som har utstedt eigenkapitalbevis. Sparebanken Vest er ein slik bank. Banken er rundt 80 % eigd av vestlandsregionen (grunnfondet), og rundt 20 % eid av egenkapitalbeviseigarar.

I Sparebanken Vest vert samfunnsutbyttet til vestlandsregionen kanalisert som allmennyttige gåver gjennom Visjon Vest.

Dersom ein vel å omdanne til aksjebank, vert grunnfondets midlar gjort om til ei stifting som eig aksjar i banken, og oppkjøpsvernet som har lagt grunnlaget for dagens sparebanknæring vil forsvinne. Ei lovendring i 2009 har ført til ei auke frå 2 til 20 sparebankstiftingar på kort tid.


Artikkel er skrevet av direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar, Siren Sundland og  viseadministrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest og publisert som leserinnlegg i Bergens Tidende 30. mai 2012.

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor