Farge

Premie utan baktankar

Øyvind Folgerø vart svært overraska då han 28. september vart vinnar av Frende Forsikring sin spesielle premie.

Folgerø visste at premien var ein alliansering med tre diamantar då han melde seg på konkurransen, men forsikrar at han ikkje hadde noko baktankar med tanke på sambuaren.
- Berre flott å kunne vere den heldige vinnaren, seier Folgerø.

Som kundar av Sparebanken Vest vart Øyvind Folgerø og sambuar Cecilie Berger invitert inn til bankens kontor på Leirvik for å ta i mot gevinsten.
- Eg vart svært overraska og glade for å verta trekt ut som vinnar, fortel Folgerø og avsluttar med at han er nøgd med å kunna snakka med banken om alle tenester innan bank, finans og forsikring.
- Det å ha ein lokal rådgjevar er trygt og godt.

Frende Forsikring som i desse dagar feirar treårs-jubileum som selskap ville gjera noko ekstra.
- Me feirar ikkje berre tre år som selskap, men og at me no kan gi lojalitetsbonus til dei kundane som har vore med oss frå byrjinga, fortel Birgitte Sørheim, merkevaresjef i Frende Forsikring.

Banksjef Arve Havnerås glad for at det var ein av kundane på kontoret på Leirvik som vann.
- Det er kjekt å vere med å gi noko tilbake til lojale og lokale kundar, seier Havnerås.

Om det er fleire som treng ein alliansering til ein verdi av 8000 kroner så vil Frende Forsikring trekke nok ein vinnar i desember.

 

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor