Farge

Ny 4-årig avtale med Sogndal Fotball

Sogndal Fotball har saman med Sparebanken Vest forlenga generalsponsoratet for nye 4 år, frå 2014 til 2017.

Avtalen er den mest omfangsrike i Sogn og Fjordane si historie. Avtalen inneber at Sparebanken Vest vil være klubbens største samarbeidspart også i åra som kjem.

- Sparebanken Vest si satsing i Sogndal, har vore heilt avgjerande for at me har kunna utvikla klubben og Fosshaugane Campus til det dei har blitt i dag, seier Sogndals daglege leiar Egil Mundal.

- At me no har 4 nye år med ein enno betre tilpassa avtale gjev klubben og Fosshaugane Campus gode vekstvilkår og utviklingssmuligheiter også i åra som kjem, noko som passar klubbens langsiktigheit som hand i hanske, seier Mundal.

Avtalen er divisjonsuavhengig, noko Mundal rosar Sparebanken Vest for. - Me ynskjer å spele i Tippeligaen heile tida, det er her den aller beste utviklingsarenaen er, men det er også viktig at spel på nest øvste nivå i minst mogleg grad påvirkar den langsitige utviklinga av klubben. At banken har tillit til ei slik litt spesiell komersiell tilnerming vitnar om godt leiarskap og solid samfunnsansvar, avsluttar Mundal.

Jan Erik Kjerpeseth, viseadministrerende direktør i Sparebanken Vest har følgjande å kommentere: -Vi er svært nøgd med det fruktbare samarbeidet med Sogndal Fotball. Både banken og klubben er sterke merkevarer på Vestlandet som vi begge har ambisjonar om å utvikle vidare. Vi er opptekne av å satse på og utvikle lokal kompetanse, og bidra til utviklinga av regionen og fylket. Slik sett har vi eit felles verdigrunnlag med klubben og dei andre to store sponsorane, Lerum og Sognekraft.


For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:
Egil Mundal, dagleg leiar Sogndal Fotball: 95 27 36 30
Jan Erik Kjerpeseth, viseadministrerende direktør Sparebanken Vest: 95 19 84 30

 

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor