Farge

Eit kultursenter for heile regionen

Opninga av "Oseana" i Os kommune har for alvor sett staden ved Bjørnefjorden på kulturkartet.
Miljøvennleg - store delar av tak og veggar på Oseana er dekt av solcellepanel. 

MILJØVENNLEG: Solcellepanel gjer
lågare straumforbruk.
(Foto: Sparebanken Vest)

- Oseana er ikkje berre for Osingar, men og eit tilbod for områda omkring og sågar for heile Vestlandet, sa ordførar i Os, Terje Søviknes, under opninga den 17. juni.

Det nesten 6000 kvadratmeter store kulturbygget har tatt to år å byggje og koster nærare 200 millionar kroner. Senteret er finansiert i eit offentleg-privat spleiselag mellom Os kommune, Hordaland fylkeskommune, Grieg Foundation, næringsaktørar i Oseanalauget og andre private gjevarar.

Sparebanken Vest har vært inne med ålmennyttige midlar frå Visjon Vest i prosjekteringsfasa.

Oseana - opningsforestillinga 17. juni 2011 inneheldt eit bredt spekter av kulturinnslag. 

VARIERT PROGRAM:
Opningsframsyninga hadde innslag frå
både amatørar og profesjonelle.
(Foto: Sparebanken Vest)

For Os kommune har det vært viktig at bygget ikkje berre skulle vere for såkalla "finkultur".
- Me ynskjer at alle former for kunst og kultur her skal få ein naturleg heim. Alt frå amatørar til profesjonelle, seier ordførar Søviknes.
Scena er konstruert slik at ho kan huse alt frå intime konsertar til store operaframsyningar.

Oseana er og eit førebilete når det gjeld miljø. Bruk av varmpeumper og solcellepanel på fasadar gjer at bygget reduserer energibruken med to tredjedelar.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor