Farge

Spelar geografi noko rolle?

”All politics are local”, heiter det i USA. Eg trur det også stemmer her heime. Politikk handlar til sjuande og sist om lokalsamfunn, om arbeidsplassane der og om kvardagen for alle oss som bur i dette langstrakte landet.

Jan Erik Kjerpeseth

På trykk i avisa Firda 19. sept. 2013

Det siste halvåret har Sparebanken Vest vore i dialog med ei rekke ulike politikarar for å varsle om dei utfordringane sparebanknæringa står ovanfor, dersom Finansdepartementet gjennomfører ei bankregulering som undergrev sparebankmodellen. Vår uro er at regelverket som skal sikre oss betre mot systemrisiko også har utilsikta effektar som gjer at sparebankane i mindre grad kan stille opp for det lokale næringslivet på Vestlandet. Vår oppleving er at engasjementet for denne saka og forståinga av følgjene ho kan få har vore sterkast når vi har snakka med politikarane som kjem frå Vestlandet. No skal ein ny regjeringskabal leggjast, og vi venter i spaning på kva utfallet vert i denne viktige saka om bankregulering.

Før valet argumenterte leiaren i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, slik: ”Folk skal stemma på meg fordi eg er den personen frå Sogn og Fjordane som har, og som kan ha, makt i det sentrale maktapparatet. Eg er den einaste partileiaren frå fylket, og det er ein stor fordel for fylket å ha folk i det inste maktsentrum.”

Eg er sikker på at Navarsete har rett i at det er svært viktig at vestlandsregionen er representert med ei tydeleg stemme i sentrale posisjonar og dei inste maktkorridorane.

No vert rollene fordelt på nytt, og det set om mogleg enno større krav til dei stortingsrepresentantane som skal representere oss vestlendingar på tinget. Måtte dei neste fire åra verte kjenneteikna av engasjerte representantar som aktivt kjempar for å sikre gode samferdsleløysingar for folk og næringsliv, og som skapar tilslutning til fornuftige rammevilkår og ein næringspolitikk som bidreg til at vår region i enno større grad får realisert sitt potensial for framtida. For å få til det er det heilt avgjerande med folkevalde frå vår region i sentrale posisjonar og komitear.


Jan Erik Kjerpeseth
Viseadministrerande direktør i Sparebanken Vest

 

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor