Farge

Kronikk: Har tradisjonelt reiseliv ei framtid i Sogn og Fjordane?

Eg er stolt over å vere frå Sogn og Fjordane. Stolt fordi aldri før har så mange utanlandske turistar ønskt å komme til fylket vårt for å sjå vår storslåtte natur. Men ein skulle gjerne tru at vi levde i Vikingtida – for fleire og fleire kjem sjøvegen.

 

Olav Hjelle 

Olav Hjelle
regionbanksjef i Sparebanken Vest,
region Sogn og Fjordane.

I løpet av dei siste åra har cruisetrafikken til fjordane våre nærast eksplodert. Ifølge tal frå Flåm og Olden kom 178.000 cruisepassasjerar i 2008 til desse hamnene. I 2012 har talet vakse til 309.000, og prognosar for 2013 ligg på 365.000 passasjerar – ein auke på 205 % frå 2008.

Til samanlikning ser det ut som Sogn og Fjordane vil få om lag 467.000 ferie- og fritidsgjester buande på hotell i 2012, ifølge SSB. Det er ein marginal vekst i løpet av dei siste fem åra på berre 5 %. Sommarsesongen i år var svak med ein nedgang på 5,5 % samanlikna med 2011. Ferie og fritid står for nesten 70 % av alle overnattingar i fylket. Og talet på turistar som besøker fylket med cruise er snart like stort som talet på ferie- og fritidsovernattingar på hotell.

Dei nye reisemønstra vi ser, set dei tradisjonelle turistverksemdene i Sogn og Fjordane på prøve. Vi har hatt ei ugunstig valutautvikling, og for mange er det blitt for kostbart å feriere i Noreg på tradisjonelt vis. Priskonkurransen om gjestane er hard og inntektene pr. rom stagnerer. Det gir hotella dårleg inntening. Og det er ikkje uventa i ein marknad som stagnerer – eller endåtil viser tilbakegang.

Det er derfor grunn til å spørje seg om tradisjonelt reiseliv har ei framtid i Sogn og Fjordane. Eg meiner at svaret er nei. Dessverre. Med mindre det skjer ei omstilling, ser eg ikkje ei lysande framtid for tradisjonelt reiseliv i fylket, slik deler av næringa står fram eller er organisert per i dag.

Tal frå Brønnøysundregistra viser at blant dei 50 største overnattingsverksemdene i fylket hadde 24 negativt resultat i 2011 – same talet som i 2008. Ved utgangen av 2011 hadde 13 negativ bokført eigenkapital og 30 verksemder negativ arbeidskapital. Med andre ord; Det er ikkje spesielt lukrativt å drive overnattingsverksemder i Sogn og Fjordane.

Vi er ein populær turistdestinasjon og i løpet av det siste tiåret har næringa samla sett opplevd ein god vekst. Men ser vi på veksten i overnatting, har Sogn og Fjordane hatt ein mykje svakare utvikling enn landet elles. Kva er så årsaka til det?

Ei forklaring som alt er nemnt er at cruisetrafikken har hatt ein eksplosiv auke. Vi ligg langt frå dei store byane, der dei store hotella har bygd opp kapasitet og attraktivitet – både mot kurs/konferanse, og mot den nasjonale og internasjonale turistmarknaden. Vi har ein liten lokalmarknad i Sogn og Fjordane. Og til sist – vi har vore alt for avhengige av den internasjonale marknaden. Og når denne sviktar vert verksemdene sårbare.

Oversikt cruisepassasjerer og overnattinger i Sogn og Fjordane

Det er vidare nokre kjenneteikn ved reiselivsverksemdene i fylket som er ein hemsko for framtidig verdiskaping. Næringa består i dag av mange små og frittståande einingar, gjerne eigd og drive av familiar gjennom fleire generasjoner. Kostnadsnivået er høgt, sidan løn som del av omsetninga utgjer mellom 30-45 prosent for reiselivsnæringa mot 14 prosent for norsk næringsliv generelt. Mange av verksemdene har ein svak økonomi med avgrensa ressursar til produktutvikling, marknadsføring, investeringar og vedlikehald. Sjølv om mange av dei familiedrivne verksemdene vert sett på som ”perler” i reiselivet, hentar dei likevel inn rundt 70 % av sine inntekter i sommarhalvåret. Resten av året er inntektene marginale og resultata stort sett negative. Det er utfordrande å tiltrekke seg ny kapital. For å (kanskje) lukkast med å få drifta til å gå rundt må verksemdene kutte kostnader, noko som i neste runde gir endå mindre spelerom til å marknadsføre seg eller drive produktutvikling.

Her finns det likevel nokre suksessfulle unntak. Fleire av verksemdene i dei største sentra i fylket har evna å fornye og opp gradere seg, og dei har skapt ein heilårsmarknad gjennom satsing på kurs, konferanse, helge-pakkar eller unike konsept som lokalmarknaden brukar når hovudstraumen av gjester er borte mellom oktober og mai. Eit godt eksempel på dette er Hotel Alexandra i Loen.

Men kva kan ein så gjere for å snu den negative spiralen? Sparebanken Vest ønskjer å vere ei drivkraft til samfunns- og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Korleis kan vi sikre oss at tradisjonelt reiseliv blir ei berekraftig næring i regionen? Det er muleg å gjere fleire grep. Betre inntening kan ein oppnå ved å prøve å utvide sesongen. Kva løysningar eller konsept kan utviklast for å tiltrekke seg turistar midtvinters? Er det ei løysing å samarbeide med vinter reisemål, eller andre verksemder som driv heilårsaktivitet som for eksempel Hurtigruta? Eller er det eit alternativ berre å ha sommarope?? Fretheim Hotell har nyleg innleia eit samarbeid med Voss Fjellandsby for å oppnå synergiar med omsyn effektiv drift, marknadsføring og produktutvikling. Eg synes dette illustrerer eit bevis på glimrande omstillingsevne!

Vidare trur eg at vi kan bli endå flinkare til å utvikle aktivitets- og opplevingsturismen. Den fantastiske naturen ligg der, året rundt, og byr på eit hav av mulegheiter. Vi har alt fleire kultur- og opplevingsverksemder i fylket som er viktige for reiselivet, men som har plass til mange fleire gjestar; Førdefestivalen, Opera Nordfjord, Malakoff, Skåla Opp, Via Ferrata, bre-vandring i Jostedalen, surfing på Stadt, Bratt Moro, for å nemne nokre.

Eit viktig stikkord framover er samarbeid. Eg meiner det vil vere ein god idé å starte arbeidet med å redusere talet på reisemålsorganisasjonar til eitt ”Reisemål Sogn og Fjordane” for dermed å sikre gjensidig læring og god nok koordinering og samarbeid. Vi må bli endå dyktigare til å finne marknader som er villige til å betale for dei unike opplevingane som fylket vårt kan by på.

Det tradisjonelle reiselivet, som næring, må omstille seg kraftig skal det vere berekraftig over tid. Det fins gode løysningar som kan snu utviklinga, men det krev samarbeid og vilje til omstilling hos dei eksisterande verksemdene. Klarer næringa det, skal Sparebanken Vest stå på som lokal medspelar for å sikre vekst og utvikling i fylket.

 

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor