Farge

Mange studentar gløymer viktige forsikringar

I desse dagar er det mange som har sommarfuglar i magen. Om kort tid er det semesterstart på dei fleste høgskular og universitet i landet, og både nye studentar og deira foreldre ser med spenning fram til den nye tilværa.

 

Tom-Øyvind Solheim 

Kommande studentar bør kartleggje at dei har dei nødvendige forsikringane for å stå på eigne bein, seier marknadskonsulent Tom-Øyvind Solheim i Sparebanken Vest.

For mange unge inneberer studentlivet at dei må flytte på seg, og gjerne også til ein annan del av landet enn der foreldre og sysken bur.

- Vi veit at det er mange praktiske ting som må gjerast før ein kan starte på studiane, og ofte er oppstartsvekene ved studiane prega av store omveltingar for ein ungdom med mange sosiale høgdepunkt, nye vennar, mykje informasjon og ny bustad, seier marknadskonsulent Tom-Øyvind Solheim i Sparebanken Vest.

- Og dessverre veit vi at midt oppi dette er det mange som gløymer eit par heilt sentrale, men likevel særs viktige ting. Vi oppfordrar kommande studentar, å kartleggje at dei har dei nødvendige forsikringane og dei økonomiske rammene som trengs for å stå på eigne bein, gjerne saman med foreldra, seier Solheim.

Studentar trenger også forsikringar
Barn og ungdommar som bur heime går under foreldra sine forsikringar i fyrste del av livet, både når det gjelder uføre-, innbu- og reiseforsikring.

- Vi veit at forsikringsselskapa har ulike reglar for om ein dekker bortebuarar på foreldra si forsikring. Vi anbefaler studentane å gå gjennom vilkåra
foreldra sine forsikringar for å finne ut om dei treng eigne avtaler, seier Solheim.

- Dersom du har dekning hos dine foreldre, husk då å sjekke kor lenge forsikringa varer. Mange selskap opererar med ei øvre aldersgrense. 
 - Ein annan ting er innbuforsikring, held Solheim fram. – Det bør alle teikne uansett. Mange unge har i dag fleire verdigjenstandar enn dei trur, anten det er telefon, PC eller merkeklede og dyrt fritidsutstyr.

Og det kan koste deg dyrt å erstatte desse gjenstandane om uhellet fyrst skulle være er ute. Så ikkje undervurder verdiane dine, sjølv om du kan få plass til alt på ein 15 kvadratmeter stor hybel!
Solheim opplevde sjølv kor viktig det var med innbuforsikring då han fikk brann i hybelen sin heilt i starten av si studietid.
- Heldigvis hadde eg hugsa å teikne innbuforsikring, for eg hadde aldri klart å erstatte verdiane sjølv då skadane var på om lag 150.000 kroner, seier Solheim.

Men viktigast av alt…
Det største tapet vil oppstå dersom du er så uheldig å bli skada og varig ufør under studiet. Med null arbeidserfaring stiller studentar langt nede i rangstigen i folketrygda sitt uføreutbetalingshierarki.

- Å ha ei god uføreforsikring kan være den beste forsikringa for å sikre framtidig inntekt. Men det er likevel dessverre ein type forsikring som vi ser blir nedprioritert i eit slunkent studentbudsjett. Men kanskje det er her foreldre kan bidra med gode råd eller ei hjelpandes hand? Unge har vanlegvis ei god helse og forsikringa kostar difor lite, seier Solheim.

 

 

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor