Farge

Hardingtonar og Sparebanken Vest har teikna ny samarbeidsavtale

Hardingtonar har underteikna ein ny samarbeidsavtale med Sparebanken Vest for tre nye år.

Å ha ein god økonomisk støttespelar i ryggen er viktig for at Hardingtonar skal kunne invitera dei store artistane til festivalen. Sparebanken Vest har vore ein stabil støttespelar gjennom mange år. Hardingtonar er svært glad for å ha fått høve til å forhandla om ein ny avtale som no gjeld for tre år.

På signeringsmøtet vart programmet for Hardingtonar og framtidsplanar lagt fram. Hardingtonar satsar på høgt musikalsk nivå. Programmet syner og stor spennvidde frå dei store verdsstjernene Mari Boine og Arve Tellefsen, med kvar sin konsert, til det lokale mannskoret Laudamus som skal bidra på konserten ”Grieg og Tveitt ” med Njål Sparboe og Geir Botnen. I Kabuso vert det ei urframføring av ”Din Veg” som er tekstar av Olav H. Hauge, tonesett av komponist og musikar Knut J. B. Kristiansen.

Dei eldste og dei  yngste får også sine konsertar og kulturtilbod frå Hardingtonar.  Anne Cathrine Eiken har invitert med seg dyktige musikarar frå Bergen og born frå Kvam som vil gje konsert både på Toloheimen og på Mikkjelsflaten. Den konsertane er eit samarbeid med Den Kulturelle Spaserstokken. Merethe Gauden skal innvie barnehageborn i historia om hardingfela og felemakarane på Botnen. Det skjer i kinoen i Norheimsund.

Tradisjonen tru opnar Bergen Filharmoniske Orkester festivalen, og i år har dei på programmet Tsjaikovskij sin Symfoni  nr. 6 og Liszt sin klaverkonsert nr.2, med pianisten Stephen Hough som solist. Vår eigen Geirr Tveitt sin musikk høyrer me og som alltid.

Programfaldaren kjem ut i posten til alle i Kvam og til dei næraste kommunane rett etter påske. Sal av billettar startar 2. mai.

 

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor