Farge

Pengedryss over Nordhordland

I år har banken delt ut totalt 30 millionar kroner i form av allmennyttige midlar, derav nærare ein million kroner til ulike føremål i Nordhordland.

Sparebanken Vest sine lokale bankkontor i Nordhordland har på vegne av Visjon Vest overrekt midlar på totalt 998.000 kroner til 85 ulike lag, foreiningar og organisasjonar.
- Våre lokale rådgjevarar kjenner marknadsområda sine best, og vi synes det er spesielt inspirerande og hyggjeleg å bidra med pengar når vi ser all aktivitet og verdiskaping dette fører med seg rundt i bygdene, seier regionbanksjef Jan-Tore Thunestvedt i Nordhordland.

Skal gå til instrument
Blant dei 85 mottakarane i år er det mellom anna 10 skulemusikkorps og 10 ulike musikklag. Banken ønskjer å vere ein viktig støttespelar for barn og ungdom, så dette er ei stor mottakargruppe. Heile ni idrettslag har blitt tilgodesett med pengar og sju ungdomslag- og klubbar. I tillegg mottar ei stor gruppe andre foreiningar, lag og prosjekt midlar.

Alversund Skulemusikkorps har motteke 20.000 kroner frå bankens allmennyttige midlar, og leiar Gro Sundal i korpset er svært takknemleg for tildelinga.
- Det betyr utruleg mykje for oss for det kostar å drive korpset, og ein del må me finansiera med basarar og dugnad, seier Gro Sundal, leiar i Alversund Skulemusikkorps.
- Å få ei slik gåve er ei kjempe god drahjelp til å skaffe inntekter, og det gjer kvardagen mykje lettare for oss.

Sundal fortel at pengane skal nyttast til å kjøpe nye instrument.
- Pengane vil me nytta til å kjøpe nye instrument, mellom anna 2 tenorhorn og kanskje ein trombone, eventuelt ei fløyte. For å oppretthalda den gode rekrutteringa blant dei unge musikantane treng vi nye instrument, og det kostar pengar. Å få ei slik pengegåve som kan hjelpa oss langt på veg er svært kjærkome, seier Sundal.

Livreddar

Nordhordland Røde Kors er tildelt 28.000 kroner av Sparebanken Vest.

HJERTESTARTAR: Nordhordland
Røde Kors har nytta gåva til å kjøpe
ein ny hjertestartar.

Nordhordland Røde Kors er også tildelt 28.000 kroner av Sparebanken Vest under årets gåvedryss. Pengane har allereie blitt brukt til ein ny hjertestartar som foreininga kan bruke når dei har sanitetsvakter ved ulike arrangement i regionen.
- Før foreininga fekk gåva frå banken hadde vi berre to hjertestartarar i regionen. No har vi tre stykk, kor den eine er stasjonert på Nordliheimen i Austrheim, medan dei to andre kan nyttast på sanitetsvakter på ulike arrangement i Nordhordland, seier nestleiar i Nordhordland Røde Kors, Odd Harald Dommersnes.

Han fortel at Nordhordland Røde Kors har svært mange vakter i løpet av året og at dei også dekker store geografiske områder. Tidlegare har dei dels fått låne utstyr frå andre Røde Kors avdelingar, og i andre tilfeller ikkje hatt hjartestartar utstyr tilgjengeleg.
- Med den nye hjertestartaren stiller vi no mykje sterkare på oppdrag i regionen, då mange aktivitetar skjer samstundes, og ofte langt frå kvarandre. No kan vi vere representert med hjertestartar på fleire områder, seier Dommersnes.

Allereie 17. juli skal den nye hjertestartaren takast i bruk og vere i beredskap under sanitetsvakt på eit sykkelløp i Knarvik-området.
- Deretter går det slag i slag med arrangement som Festeval, Havsportveka, Knarvikmila og Bjørn West-marsjen for å nemne nokon, seier Dommersnes.
- Så det er ingen tvil om at denne gåva kjem både oss og lokalsamfunnet til nytte.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor