Farge

Gunnar Skeie vert dagleg leiar for Sparebankstiftinga Hardanger

Styret i Sparebankstiftinga Hardanger har tilsett advokat Gunnar Skeie som dagleg leiar for stiftinga.

- Me er veldig glade for at Gunnar Skeie har takka ja til den nye stillinga i ein ny organisasjon. Skeie er ein god kandidat med svært god kjennskap til regionen, og med kunnskap om dei mogelegheiter og utfordringar stiftinga står overfor, seier styreleiar Borghild Storaas Ones i Sparebankstiftinga Hardanger.

Gunnar Skeie tiltrer stillinga som
dagleg leiar i Sparebankstiftinga
Hardanger frå årsskiftet.

Gunnar Skeie (56) er fødd og oppvaksen i Steinsdalen i Kvam herad. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen, og har arbeidd som advokat i 28 år. Dei siste 24 åra har Skeie vore partnar og advokat hjå Advokatane Kvåle og Skeie ANS i Norheimsund.

Frå 1998 har han også hatt verv som medlem og leiar i kontrollnemndene til Eiendomskreditt AS og Voss Veksel og Landmannsbank AS. Frå 2009 har han vore styremedlem i Eiendomskreditt AS. Skeie har også politisk erfaring som medlem av Kvam heradstyre i periode 2007-2011. I heradstyret representerte han Arbeidarpartiet, som han framleis er medlem i.

Sparebankstiftinga Hardanger vart etablert då Sparebanken Vest og Sparebanken Hardanger slo saman verksemdene sine. Totalkapitalen i selskapet er på ein halv milliard kroner og stiftinga er største eigar og forvaltar 30 prosent av eigenkapitalbevisa i Sparebanken Vest.

I tillegg til å forvalta eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest skal stiftinga ivareta banktradisjonar ved å bruka delar av overskotet til bidrag til allmennyttige føremål i distriktet til tidligare Sparebanken Hardanger.
- Skeie har ein god bakgrunn for å kunna ta del i utøvinga av eigarskapet i Sparebanken Vest, og i forvaltinga av den finansielle porteføljen i Stiftinga. Gjennom arbeidslivet i Hardanger har han også etablert god kontakt med både kommunar og næringsliv i Hardanger, seier Ones.

- I tillegg gir dei personlege eigenskapane hans dei beste føresetnadene for å leia stiftinga, held Ones fram.

- Eg takkar for tilliten eg har fått ved å få jobben og eg gler meg til å ta fatt og til å byggja ein organisasjon som skal bli ein viktig aktør i samfunnsutviklinga i regionen og ein god, langsiktig eigar i Sparebanken Vest, seier Skeie.

Gunnar Skeie tiltrer stillinga frå årsskiftet.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor