Farge

Idrettsstipend til Anders Fannemel

Skihopparen Anders Fannemel (19) frå Hornindal er tildelt Sparebanken Vest sitt idrettsstipend. Stipendet er på 10 000 kroner og eit ledd i ei ny stipendordning frå banken.

- Eg vart veldig glad og overraska då Sparebanken Vest tildelte meg stipendet. Det er mange utfordringar når eg har satt meg målet å leve av og satse på skihopping. Pengane skal eg bruke på å investere i nytt utstyr, seier Anders Fannemel.
Hovudmålet til Anders er å prestere godt i junior-VM i Otepää i vinter, samtidig jobbar han hardt for å bli med i den norske troppen i ski-VM i Holmenkollen i 2011. I det langsiktige perspektivet står OL om fire år som hans største mål.

Stimulans til vidare satsing

- Stipendordninga er oppretta av banken sin allmennyttige verksemd Visjon Vest. Målgruppa er unge idrettsutøvarar på Vestlandet frå 14 år og oppover, seier marknadskonsulent i Sparebanken Vest, Tom-Øyvind Solheim.
- Stipendet går til utøvarar som er særleg dyktige. Vi håper det kan stimulere unge talent til vidare satsing. Talent trenger anerkjenning. Det kostar å drive idrett. Føremålet er både å synleggjere talenta og gje dei ein økonomisk handsrekning, seier han.

Valet av talenta som skal få stipend gjerast av banken etter forslag frå kretsar og forbund innan ulike idrettsgreinar. Det er fyrste gong stipendet går til ein utøvar i Sogn og Fjordane.

I norgeseliten

Anders Fannemel tok til med hopping då han var 12 år. 16 år gammal byrja han på Norges toppidrettsgymnas på Lillehammer. Kort etter vart han teken ut på juniorlandslaget. I desember i fjor var han for fyrste gong med i eit verdscuprenn for seniorar og vart nummer ti. Seinare vart han juniornorgesmeister i storbakke.

- Anders er ein god ambassadør for fylket. Trass i hans unge alder, har han allereie gjort seg bemerka både nasjonalt og internasjonalt. Han er ein hardt arbeidande utøvar som syner gode evner til å jobbe konstruktivt i både medgong og motgong. Det er eigenskapar som kjenneteiknar dei som lukkast, seier Tom-Øyvind Solheim.

For meir informasjon, kontakt:
Stipendmottaker Anders Fannemel 91 69 37 32
Marknadskonsulent Tom-Øyvind Solheim 90 62 83 83
Banksjef Gro Reppen 95 26 59 85

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor