Farge

Brage Finans med 10 frittståande sparebankar på eigarsida startar opp 1. oktober

Brage Finans AS er eit leasingselskap med hovudkontor i Bergen og med Sparebanken Vest som største eigar.
Brage Finans: Terje Brurås viseadministrerende direktør, Henning Nordgulen, styreleder, Jack Iversen, admministrerende direktør

LEIINGA I BRAGE FINANS ER
NØGD MED EIN VELLUKKA START:
f.v. viseadministrerande direktør Terje
Brurås, styreleiar Henning Nordgulen
og administrerande direktør Jack
Iversen.

- Oppstarten av Brage Finans er ikkje berre ein tilvekst for finansbyen Bergen, men det bygger og opp om det faktum at Vestlandet er å betrakte som eit kraftsentrum for næringsutvikling i Noreg, fortel Henning Nordgulen, divisjonsdirektør bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.

Nordgulen er styreleiar i det nye leasingselskapet og meiner at bedriftskundar no vil få eit breiare og meir fleksibelt finansieringstilbod.
- For eigarbankane betyr dette ei komplettering av produktporteføljen dei kan tilby sine kundar, og Brage Finans vil gjennom ein effektiv organisasjon kunne skreddersy finansieringsløysingar  tilpassa næringsstrukturen på Vestlandet, seier Nordgulen.

Eit finansieringsprodukt med fordelar

Hovudproduktet for Brage Finans vil være leasing for næringslivskundar. Produktspekteret vil være leasing, salgspantlån og næringslån. Forsikring vil også verte tilbydd som ein del av finansieringsløysningane.
- Leasing som produkt har fleire fordelar for kundane, fortel Jack Iversen som er administrerande direktør i Brage Finans.
- For mange kundar vil det for eksempel kunne gje ein utsett skattefordel ved at leigekostnadane utgiftsførast direkte, og at bedrifta rett og slett får auka kontroll og oversikt over kostnadar per eigendel, forklarar Iversen.

Kven var Brage?

 Leasingselskapet Brage Finans er operativt frå 1. oktober 2010.

BRAGE FINANS MED VIND I SEGLA
FRÅ 1. OKTOBER.

Namnemessig plasserar Brage seg fint inn blant sine systerselskap Frende Forsikring og Norne Securities, som har fleire av dei same eigarbankane i ryggen.
- Brage er i den norrøne mytologien guden for dikting og skaldekunst, fortel Iversen.
- Han var ettersigande særs klok og veltalande, og namnet slektar på ordet bragd.
Brages rolle i den norrøne kulturen var mellom anna ved kongelige gravferder då ”brageløftet” blei avgjett og store nye dåder blei erklært.

Kompetanseorganisasjon og ny teknologi

Både Jack Iversen og viseadministrerande direktør Terje Brurås har over 25-års erfaring frå finansbransjen. Brurås har det overordna ansvaret for sal og er særs tilfreds med den organisasjonen dei har fått på plass.
- Det har vore ein intensiv rekrutteringsprosess i sommar og me har fått besett stillingane med personar som innehar stor kompetanse på sine områder, seier Brurås.
- Samstundes har me teke i bruk eit helt nytt IT - system som gjer at kundehandlingsprosessen skal bli så enkel som mogeleg, både for oss og for kunden, avsluttar Brurås.

Kontaktpersonar
Henning Nordgulen, styreleiar, tel: 95 26 59 90
Jack Iversen, administrerande direktør, tel: 41 44 91 72
Terje Brurås, viseadministrerande direktør, tel: 91 11 18 81

---------------------------------------------------------------------------------------

Fakta om Brage Finans AS:

Eigarbankar
Sparebanken Vest
Fana Sparebank
Etne Sparebank
Flekkefjord Sparebank
Haugesund Sparebank
Helgeland Sparebank
Luster Sparebank
Skudenes & Aakra Sparebank
Sparebanken Sør
Voss Sparebank

Styret
Henning Nordgulen, Sparebanken Vest – styreleiar
Bjørn Alræk, Fana Sparebank
Lisbeth Flågeng, Helgeland Sparebank
Øyvind Aasen, Sparebanken Sør
Alf Inge Flokketvedt, Skudenes & Aakra Sparebank
Kristine Aasheim, marknadsdirektør i Rieber Norge
Øyvind Fauskanger, tidligare direktør i Vital og Elcon Finans

Kontaktinformasjon
Tel: 55 61 00 50
Fax: 55 61 00 51
Epost: post@brage.no
Web: www.brage.no

Postadresse:
Brage Finans AS
Postboks 113 Sentrum
5804 BERGEN

Besøksadresse:
Fortunen 1
5013 Bergen

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor