Farge

Sparebanken Vest held fram som Sogndal-sponsor

Sparebanken Vest held fram som hovudsponsor for Sogndal Fotball dei komande tre sesongane. Samarbeidet omfattar toppfotball, talentutvikling og breiddefotball.

Sparebanken Vest har vore Sogndal Fotball sin hovedsponsor sidan 2008. Avtalen som banken og klubben har skrive under gjeld til og med 2013-sesongen og gjer det mogleg for klubben å kjempe i toppen av norsk fotball i åra som kjem.

- Sogndal Fotball er ein viktig samarbeidspartnar for Sparebanken Vest og bidreg til å styrke banken sin markedsposisjon i Sogn og Fjordane, seier regionbanksjef i Sparebanken Vest Atle Stalheim.

- Vi er svært nøgd med det fruktbare samarbeidet med Sogndal Fotball. Både banken og klubben er sterke merkevarer på Vestlandet som vi begge har  ambisjonar om å utvikle vidare. Vi er opptekne av å utnytte og utvikle lokal kompetanse, og bidra til utviklinga av regionen og fylket. Slik sett har vi eit felles verdigrunnlag med klubben og dei andre to store sponsorane, Lerum og Sognekraft, seier regionbanksjef Atle Stalheim.

- Klubben har dei siste åra bygd ut Fosshaugane Campus som eit kraftsenter for idrett, næringsliv, forsking og utdanning i Sogn og Fjordane. Samarbeidet med Sparebanken Vest ga oss eit løft, og den nye avtalen er viktig for den vidare sportslege satsingen og utviklingen av Fosshaugane Campus, seier dagleg leiar Egil B Mundal i Sogndal Fotball.

Mundal legg vekt på at samarbeidet mellom banken og klubben handlar om meir enn toppfotball. Breiddefotball, utvikling av eigne spelarar , kunnskapsdeling og samarbeid med dei andre klubbane  i Sogn og Fjordane er sentrale element i den nye avtalen.

Kontakttelefonar    

Regionbanksjef Sparebanken Vest, Atle Stalheim, tel: 91 38 75 46
Dagleg leiar Sogndal Fotball, Egil B Mundal, tel: 95 27 36 30

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor