Farge

Utviklar system for å registrere telefonsamtaler

Verdas enklaste system for samtaleregistrering i næringslivet. Det sette sogndalverksemda Yast seg som mål å skape. Stønaden frå Sparebanken Vest si næringsstifting har vore avgjerande for oss, fortel gründerane bak.
Jørn Sandvik Nilsson, Halvor Gregusson, Jørgen Borgesen og Håvard Halvorsen er grunderane bak Yast.

STØNADEN FRÅ BANKEN AVGJERDANDE: Frå venstre Jørn Sandvik Nilsson, Halvor Gregusson, Jørgen Borgesen og Håvard Halvorsen som skipa Yast.
Foto: Yast

Kort fortalt går systemet ut på følgjande: Når ein konsulent, ein advokat eller andre som skal registrere tidsbruk har lagt på etter ein telefonsamtale, sprett det opp eit skjermbilde som  spør om ein vil registrere samtalen, og kva prosjekt han høyrer til.  På den måten får ein enkelt registrert fakturerbar samtaletid. Både når ein sitt ved pulten eller er ute på reise.

Lanseringa av det nye systemet byrja 20. juli og skjer via heimesida www.yast.com/calls og på nettstader som fortel om nye applikasjonar. 

Timeregistrering var starten

- For Yast er dette eit naturlig skritt nummer to etter at selskapet i fjor lanserte eit enkelt online timeregistreringssystem, www.yast.com, seier Halvor Gregusson, ein av gründerane bak Yast.

Timeregistreringssystemet har over 6000 brukarar frå heile verda, dei fleste i USA. Det er også kundar i Sør-Afrika, Nederland og England.

- Intensjonen er å skaffe fleire brukarar verda over, samt komme i dialog med IT-selskap som gjennom vårt system kan tilby både timeregistrering og samtaleregistrering for sine kundar. Også  advokathus, og konsulentselskap står på prospektlista, seier han.

Bak Yast står ein gjeng kompisar  med eksamen frå NTNU og Entreprenørskolen i Trondheim. På slutten av studia hadde dei eit brennande ønskje om å starte eiga verksemd. Dei ville ta tak i eit problem som mange  tilsette slit med , nemlig å halde styr på arbeidstimar som skal knytast til ulike prosjekt.

-Me sette oss som mål å lage verdas enklaste system for timeregistrering, seier Halvor Gregusson.

Stønad frå næringsstiftinga

Selskapet har i to omgangar fått stønad frå Sparebanken Vests næringsstifting i Sogn og Fjordane. Stifttinga har som mål å hjelpe gründerar med å bygge opp nye, levedyktige verksemder i fylket.

- Stønaden var avgjerande for oss. Me hadde ein idé. Men me hadde ikkje pengar og visste ikkje kor me skulle etablere oss. Midla frå næringsstiftinga gjorde at me busette oss i Sogn. Sidan har me og fått offentleg stønad. For å kunne vokse vidare har me i sommar gjennomført ein emisjon og fått Fjordinvest og nokre private investorar i Sogn med på eiersida, seier Gregusson.

- Kva fortrinn har Yast sine system?

- Yast er unikt brukarvennleg. Det er mange som skryt på seg å være brukarvennlige, men brukargrensesnittet til Yast har fått massiv omtale nettopp for sin enkelheit.

"Yast, on the other hand is painfully, stupidly easy to use."

downloadsquad.com

Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd, Visjon Vest, har sett av 3 millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midla frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidéar i ei tidleg prosjektfase.

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor