Sparebanken Vest gir kr. 400 000 til Nye Folgefonna Nasjonalpark- og Informasjonssenter. Midlane kjem frå banken si allmennyttige verksemd Visjon Vest
12.
Nasjonalparksenteret skal vera ein formidlar av kunnskap om natur og kultur og eit fyrtårn når det gjeld utvikling av det naturbaserte reiselivet i Sunnhordland og Hardanger-regionen. Her vil ein og kunne søke kunnskap om dei menneskeskapte klimaendringane.
- Sparebanken Vest ønskjer å vera ei drivkraft for utvikling i nærings- og samfunnsliv på Vestlandet. Våre midlar til nasjonalparksenteret i Rosendal passer godt inn i dette. Vi er opptekne av reiselivet. Klima er eit av dei store satsingsområda våre, seier banksjef Harald Queseth i Visjon Vest.
Knut Førland, som er ansvarleg for å få inn privat kapital til Nye Folgefonna Nasjonalpark- og Informasjonssenter, er svært glad for støtta frå Sparebanken Vest.
- Det at ein stor sparebank går inn som samarbeidspartnar i dette framtidsretta regionale prosjektet, gir inspirasjon til å halda fram arbeidet med å få det realisert. Sparebanken Vest vert den tredje private samarbeidspartnaren i prosjektet. Dei to andre er hovudsamarbeidspartnaren Sunnhordland Kraftlag og ein privat investor i Bergen, seier han.
Førland tilføyer at med desse aktørane på plass er no ca. 4 millionar kroner i privat kapital komen inn, og ein nærmar seg såleis målet på 6,5 millionar kroner.
Kontaktpersonar:
Harald Queseth tlf. 92 65 89 00
Knut Førland tlf. 91 84 10 01