Farge

All verdas musikk tilgjengeleg frå Mjømna

Med stønad frå Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane vart Beat.no lansert i juni 2010. Nettstaden er ein ny kjøpskanal for musikk i Mp3-format.

Få tek vel anstøyt om ein seier at den vesle bygda Mjømna i Gulen kommune med sine knappe 50 innbyggjarar ikkje er for verdas navle å rekne. Men lokaliseringa på ei øy ytst i Sognefjorden har likevel ikkje hindra fire gründerar frå å starte opp eiga verksemd på staden.
- Me sel digital musikk via internett så kor me fysisk sit er ikkje så viktig, seier ein av gründerane, Njål Wilberg.

Saman med kona Linn Wilberg, Simen Wilberg og Therese Trefall starta dei Beat.no i 2009. Nettbaserte selskap er likevel ikkje noko nytt for ekteparet Wilberg. Dei stod og bak sms-søketenesta Ask Adam som no er seld til 1881.

Kva høyrde eg no?
Med Beat.no ynskjer dei å utfordre dei tradisjonelle salskanalane.
- Det er framleis tenkt slik at artistar vert annonsert på tv og så skal kunden deretter gå på næraste bensinstasjon å kjøpe plata, fortel Wilberg.
- Men me ynskjer at oppdaginga av musikk skal knytast nærare kundane og at dei kan få tak i musikken på eit enklare vis.

Ved lanseringa er Beat.no ein nettstad der ein kan laste ned musikk som kan nyttast på alle digitale plattformar, og som ikkje har kopisperre. Men i løpet av tredje kvartal vil dei lansere ei ny sms-teneste der ein enkelt kan finne ut kven ein høyrde på radio eller tv.
- Om du høyrer ein song på radio kan du skrive namnet på radiokanalen i ein sms og sende til ”BEAT”, og så vil du få svar med artist og songinformasjon, forklarar Wilberg.

Lokale artistar
Plateselskapa har tillete distribusjon av musikk i det digitale formatet Mp3 sidan 2009, og med ny teknologi kan ein like gjerne lage musikk heime i kjellarstova. Men tradisjonell distribusjon av musikk gjennom plateselskap er for mange lokale artistar eit vanskeleg nålauge å kome gjennom, og eigendistribusjon av musikk på cd er både kostbart og vanskeleg.
- Sjølv om mesteparten av tilbodet vårt no er musikk av meir etablerte artistar har me ei målsetjing om at Beat.no skal kunne verte ein god salskanal og for nye og lokale artistar utan eit stort plateselskap i ryggen, meiner Wilberg.

”Engasjement søker pengar”
Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane ga i 2009 eit tilskot på kr. 100,000,- til Beat.no. Pengane blei nytta i samband med å få på plass avtalar med plateselskap, og avklare juridiske problemstillingar rundt opphavsrettar.
- Utan desse avtalane og avklaringane hadde det ikkje blitt noko Beat.no, slår Wilberg fast.
- Slik kan ein seie at stønaden frå næringsstiftinga bidrog til at me kunne materialisera engasjementet vårt, avsluttar Wilberg.

Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd, Visjon Vest, har sett av 3 millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midla frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidéar i ei tidleg prosjektfase.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor