Farge

Sogndal Fotball har gjort avtale med Sparebanken Vest om ein treårig samarbeids-og sponsoravtale. Avtalen er den desidert største for Sogndal Fotball nokonsinne, og skal gå til både breidde og elite.

Atle Stadheim - regionbanksjef i Sogn og Fjordane

-- Vi er glade for at ein stor og solid sparebank som satsar offensivt i Sogn og Fjordane vert hovudsamarbeids-
partnar for klubben, seier daglig leiar i Sogndal Fotball, Yngve Hallén.

- Som varemerke står Sogndal Fotball like sterkt i Sogn og Fjordane som Brann gjer i Bergen og Hordaland. Røynslene frå samarbeidet med Brann gjorde det naturleg å ta kontakt med Sogndal etter at vi tidlegare i år trappa opp aktivitetane våre i Sogn og Fjordane, seier regionbanksjef Atle Stalheim. Sparebanken Vest har tatt over verksemda som Fokus Bank hadde i fylket, og er no representert 11 stader i fylket. Banken skal opna kontor i Stryn seinare i år. Strategien i Sogn og Fjordane er å gje kundar i personmarknaden, næringsliv og offentleg sektor eit komplett tilbod av tenester innan finansiering, forsikring og eigedomsmekling.

”Stao no pao, superlag frao Sogndal”
- Sparebanken Vest skal gjennom profesjonell bankverksemd vere ein drivkraft for utviklinga av samfunns- og næringsliv på Vestlandet. I Sogndal Fotball får vi ein partnar som over tid har satsa målretta på utvikling av spelarar og støtteapparat, og skapt resultat i nasjonal toppklasse. Klubben har og vist imponerande evne til nyskaping med omsyn til samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonane i Sogndal, og har ein forankring i lokalsamfunnet som truleg er sterkare enn nokon annan plass i Norge, held Stalheim fram.

Han peikar på at Sogndal Fotball har gått i bresjen for ei gigantisk anleggsutbygging, både i Sogndal og i nabokommunen Luster, med investeringar for fleire hundre millionar kroner. Dette gjer Sogndal til ein av dei største anleggsutbyggjarane i heile landet. - Klubben har verdiar som samsvarar med våre eigne; nær, vennleg, dyktig og engasjert.

Satsar på sportsleg framgang
Yngve Hallén seier at Sogndal Fotball har ambisjonar om å utvikle klubben både i topp og breidde. - Vi satsar på opprykk til Tippeligaen og at vi er med i toppen i meisterskap og turneringar for aldersbestemte lag. Avtalen med Sparebanken Vest, som gjeld frå 1. januar neste år, har som mål at banken som fylgje av gode sportslege resultat og god profilering får framgang i marknaden. Den økonomiske stønaden gjer det mogleg for Sogndal Fotball å satse enda sterkare både i topp og breidde, understrekar Hallén.

Som hovudsamarbeidspartnar dei neste tre åra har banken sikra seg rett til omfattande profilering. Mellom anna skal alle laga til Sogndal Fotball spele med Sparebanken Vest sin logo på brystet.

Fakta om Sparebanken Vest
Sparebanken Vest er tredje største sparebank i Norge, med ein forvaltningskapital på 65,2 milliardar kroner og 765 årsverk. Hovudkontoret ligg i Bergen. Banken har eit komplett tilbod for personkundar, næringsliv og offentleg sektor i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland med i alt 58 salskontor.

I Sogn og Fjordane har banken samla utlån på knapt 8 milliardar, 11 kontor og om lag 70 tilsette.

Kontaktpersonar:

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Yngve Hallén Tlf. 901 16 005
Styreleiar i Sogndal Fotball, Rolf Navarsete Tlf. 970 35 456
Regionbanksjef Atle Stalheim, Sparebanken Vest Tlf. 913 87 546
Informasjonsdirektør Jørn Lekve, Sparebanken Vest Tlf. 952 65 973
Viseadm. direktør Jan Erik Kjerpeseth, Sparebanken Vest Tlf. 951 98 430

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor