Farge

Næringslivet orienterer seg mot nye marknader

Sjølv om bedriftene no møter store utfordringar, evner dei å tenkje langsiktig også i krisetider. Bedriftsundersøkinga som Næringsbarometeret gjennomførte i april, syner at 40 prosent av bedriftene nyttar finanskrisa til å auke kompetansen og å orientere seg mot nye marknader. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane som blir presentert 26. mai.

Nesten kvar tredje bedrift har auka fokus på produktutvikling og FOU. Fleire studiar syner at dei bedriftene som nyttar nedgangstider til å skaffe seg forsprang teknologisk og kompetansemessig, ofte oppnår stor suksess når marknaden snur. Det er derfor godt å få dokumentert at næringslivet på Vestlandet satsar langsiktig.

Justerer ned aktiviteten

Framtidsutsiktene for store delar av næringslivet på Vestlandet har endra seg kraftig sidan oktober i fjor. Då såg dei fleste for seg at veksten skulle halde fram i 2009, om enn med noko lågare styrke. Det bilete som næringslivet teiknar no, er langt mindre optimistisk. Med unntak av tenesteyting, ventast det no nedgang i alle næringane. Konkurransen blir hardare og prisane stadig meir pressa. Det er venta eit kraftig fall i investeringane og lønsemda er venta svekka i dei fleste næringane.

Hardast råka er bygg og anlegg, reiseliv og industrien. Lyspunkta finn vi innan varehandel og tenesteyting. Innan varehandel er bedriftene mindre pessimistiske i april enn i desember og innan tenesteyting er det no fleire som trur på oppgang enn på nedgong i omsetninga.

Auka arbeidsløyse - sysselsetjinga held seg stabil

Næringslivet er i full gang med å tilpasse kapasiteten til eit lågare aktivitetsnivå. Store delar av industrien og transportnæringa kuttar i talet på tilsette og arbeidsløysa er raskt på veg oppover. Behovet for arbeidskraft varierer mykje mellom bransjane. Den sterke veksten vi har hatt i sysselsetjinga dei siste åra, synes å bli forsvart også i 2009, trass i den aukande arbeidsløysa.

I Næringsbarometeret si undersøking varslar bedriftene samla sett ein vekst på 0,4 prosent i sysselsetjinga i 2009. Det tilsvarer om lag 850 stillingar.

Færre manglar arbeidskraft

Sjølv om rekrutteringsproblema er kraftig redusert sidan i fjor vår, er det framleis delar av næringslivet som slit med å skaffe kompetent arbeidskraft. Kvar tredje bedrift innan verkstadindustri og bygg og anlegg melder om at dei har ledige stillingar som følgje av mangel på kompetent arbeidskraft. Også innan forretningsmessig tenesteyting og reiseliv er det relativt mange som melder om rekrutteringsproblem.

Kraftig nedgang i investeringane

Etterspurnaden etter investeringsvarar ser ut til å bli kraftig redusert, som følgje av at nesten halvparten av bedriftene kuttar i investeringsbudsjettet. Utsiktar til lågare etterspurnad og svekka lønsemd, kombinert med vanskeleg tilgang på kapital, fører til lågare investeringar. Over 30 prosent av bedriftene svarar at dei har utsett planlagde investeringar som følgje av finanskrisa. Prosentdelen er særleg høg i oppdrettsnæringa og i mekanisk industri.

Kontaktpersonar:

Kenneth Stien, Avdelingsdirektør NAV Hordaland, mobil 924 15 659
Nina Broch Mathisen, direktør Innovasjon Norge Hordaland, mob. Tlf. 917 15 453
Jan Per Styve, Strategi- og næringsdirektør, Hordaland Fylkeskommune: mob. 920 28 915
Tom Knudsen, regiondirektør NHO, mob. Nr. 908 30 688
Liv Næss, senior rådgiver ved avdeling for Kommunikasjon og samfunnsansvar, Sparebanken Vest 482 59 695

Regionale kontaktar, NAV

Sunnhordland: Astrid Østerlid, leiar NAV Stord, tlf 53 04 55 67
Voss/Hardanger: Frank Olsen, leiar NAV Voss arbeid og trygd, tlf 56 52 13 15
Nordhordland: May Hundvin, leiar NAV Lindås, tlf 53 04 49 62
Vest: Rune Jacobsen, leiar NAV Fjell arbeid og trygd, tlf 40 84 24 29 


Datagrunnlaget

Næringsbarometeret byggjer denne gongen på to bedriftsundersøkingar. I februar og mars gjennomførte NAV i Hordaland og Sogn og Fjordane si årlege arbeidskraftsundersøking for Næringsbarometeret. Undersøkinga omfatta svar frå1532 bedrifter, 927 i Hordaland og 605 i Sogn og Fjordane.

I april gjennomførte Næringsbarometeret ei oppdatert bedriftsundersøking. Undersøkinga omfatta svar frå 1215 bedrifter, 903 i Hordaland og 312 i Sogn og Fjordane. I tillegg er analysane basert på statistikk og intervju.
Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Noreg, NAV, NHO, Sparebanken Vest og fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet med Næringsbarometeret er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar på Vestlandet.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor