Farge

Den sterke veksten i etterspurnaden etter arbeidskraft held fram. Næringslivet i Hordaland treng 8 000 fleire medarbeidarar.
Ei av to verksemder innanfor bygg og anlegg og mekanisk industri slit med å skaffe nok arbeidstakarar.
Bedriftsleiarane fryktar at mykje overtid fører til meir sjukefråvær.
Den siste bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret viser at næringslivet i Hordaland planlegg å tilsetje 8200 fleire medar-beidarar, 2 200 fleire enn på same tid i fjor. Berre innanfor bygg og anlegg trengs nesten 2000 nye medarbeidarar.

Aukande behov for ingeniørar
Innan bygg og anlegg er det særleg bruk for fagarbeidarar, men og for byggingeniørar. Industrien har stort behov for teknisk personale og planlegg å tilsetje 600 ingeniørar det neste året, dei fleste i Hordaland. Industrien treng og fagarbeidarar som sveisarar, rørleggjarar og mekanikarar.

Fryktar auke i sjukefråværet
Verksemdene slit med å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Innan bygg og anlegg og mekanisk industri har halvparten av verksem-dene ledige stillingar fordi dei ikkje klarer å få tak i den arbeids-krafta dei treng. Mange bedriftsleiarar er urolege for det høge ar-beidspresset dette fører til for dei som er i jobb. Over 70 prosent av bedriftene melder om meir bruk av overtid og rundt 40 prosent meiner at rekrutteringsproblema fører til høgare sjukefråvær.

Store arbeidskraftreservar kan tas i bruk
Store grupper står framleis utanfor arbeidslivet i fylket. 6 340 hor-dalendingar er heilt eller delvis arbeidsledig. 1150 går på tiltak for å auke sjansane i arbeidslivet og om lag 7000 er under yrkesretta attføring. I tillegg er 5,8 prosent av arbeidsstyrken til ei kvar tid ute ar arbeid på grunn av sjukmelding frå lege. Med noko tilrettelegging, kunne fleire frå desse gruppene fylt nokre av dei ledige jobbane i fylket. I Næringsbarometeret er verksemdene spurt om kva som skal til for at dei skal tilsette yrkeshemma (personar under attføring) eller uføretrygda. Bedriftene er klare på at dei ynskjer seg meir informasjon om tilrettelegging og ulike verkemidlar herunder økonomiske ordningar.

Kjøper arbeidskraft frå utlandet
Kvar femte verksemd seier i undersøkinga at dei vil nytte utan-landsk arbeidskraft i 2007. Samstundes ser vi at innvandrarane sakkar akterut på arbeidsmarknaden. Ledigheita mellom inn-vandrarar frå land utanfor OECD går mindre ned enn arbeids-løysa samla sett.

Datagrunnlag
Bedriftsundersøkinga er gjennomført av NAV for aktørane bak Næringsbarometeret. Undersøkinga er gjennomført i februar/ mars og omfattar 1300 bedrifter i Hordaland. 70 prosent av verksemdene svarte.

Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, NAV, NHO, Sparebanken Vest og fylkes-kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet med undersøkinga er å kartlegge næringsutviklinga i de to fylka. Næringsbarometeret er utarbeidd i samarbeid mellom Asplan Analyse og partnarane bak barometeret.


Kontaktpersoner:
Sparebanken Vest Informasjonsdirektør Jørn Lekve
952 65 973
NHO Hordaland Regiondirektør Tom Knudsen -
55 23 98 04 – 908 30 688
NAV Hordaland Avdelingsdirektør Tommy Johansen –
55 04 45 45 – 975 67 035
Innovasjon Norge Direktør Nina Broch Mathisen –
917 15 453
Hordaland fylkeskommune Strategi- og næringsdirektør Jan-Per Styve
55 23 92 90 - 920 28 915


Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor