Farge

Seniorforskar ved CICERO, Gunnar S. Eskeland har takka ja til ei nyoppretta stilling som klimaprofessor ved Norges Handelshøyskole (NHH). Stillinga er finansiert av Sparebanken Vest sin allmennyttige verksemd og inngår i ei brei satsing på miljø- og klimaøkonomi ved NHH. - Vi er svært glade for å få Gunnar S. Eskeland til NHH. Han har ei fagleg orientering og internasjonal røynsle som vil styrke den klimafaglege forskinga og undervisninga betydelig , seier rektor ved NHH Jan I. Haaland. - Eg gler meg til å ta fatt på jobben. Økonomi er eit viktig fagområde når det gjeld klima. Økonomi handlar om forvalting, og klimaproblemet er ei forvaltingsutfordring, først og fremst. Vi må få samarbeidet på tvers av landegrenser og på tvers av generasjonar til å fungere betre, seier Eskeland.
Lokalt , men internasjonalt
Vestlandet er kanskje den regionen som blir hardast råka av klimaendringane i Noreg. Eit viktig forskingsområde er korleis norske næringar og lokalmiljø blir påverka av og kan tilpasse seg klima- og miljøendringane. Desse endringane kan òg skape ny næringsverksemd og utvikling av innovative tenester og produkt. Kunnskap om dette er verdifullt i eit globalt perspektiv, meiner Jan I. Haaland.

- Gunnar S. Eskeland har jobba mykje med internasjonale tema knytt til økonomisk politikk og bærekraftig utvikling, mellom anna som medforfattar av World Developement Report 2003 frå Verdsbanken. Andre interesseområde er teknologiutvikling og klimapolitikk, samt politiske spørsmål knytt til samarbeid mellom nasjonar. Dette er tema av nasjonal og internasjonal karakter som vil vere viktige forskingsfelt i tida som kjem, seier Haaland.

- Eg gler meg til å vere med å vise at økonomiske perspektiv og metodar er nyttige, anten vi ser på det globale klimaet eller på turistane si oppleving av miljøet på fisketorget, seier Eskeland.

Meir klima i utdanninga
Med den nyoppretta stillinga i klimaøkonomi vil NHH auke merksemda rundt klimaspørsmål og dei økonomiske konsekvensane av klimaendringane.
- Kunnskap om miljø og klima blir stadig viktigare, også i utdanninga av framtidige siviløkonomar. Vi vil til dømes starte opp ein ny internasjonal masterprofil i energi, ressurs og miljøøkonomi frå hausten av, seier Haaland.

Bergen har allereie eit anerkjent og internasjonalt fagmiljø innan klimaforsking i Bjerknes/Nansenssenteret, UiB og Havforskningsinstituttet. No vert klimaforskinga styrka ytterlegare.
- Samarbeidet på tvers av fagmiljøet skal utviklast vidare. Vi har mykje å tilføre kvarandre, seier Haaland.


Bakgrunn:
Eskeland kjem frå ei stilling som seniorforskar ved CICERO (Centre for International Climate and Environment Research, Oslo), der han óg har vore forskingsleiar (2003-2007). Han er utdanna siviløkonom frå NHH og tok doktorgraden i 2001 med ei avhandling om skatt og føresetnader for ein optimal miljø- og økonomisk politikk.

Frå 1988 til 2003 var Eskeland tilsett i Forskingsavdelinga i Verdsbanken der han særskilt arbeidde med velferdsøkonomiske prinsipp i miljøforvaltinga, med fokus på forureining i luft og vatn.

Frå 1984 til 1988 var Eskeland tilsett i Senter for anvendt forskning (nå SNF), Klosters Rederi og Statoil.

Les meir her om gåveprofessorate

Meir informasjon:
Rektor Jan I. Haaland tlf. 55 95 92 17 / 957 96 865
Gunnar S. Eskeland tlf. 22858757/97686636
Harald Queseth, Sparebanken Vest tlf. 92658900

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor