Farge

Offisiell opning i Sauda etter samanslåing

I samband med fusjonen mellom Sparebanken Vest og Sauda Sparebank vart det nye kontoret idag offisielt opna.

I det høvet vil banken gi ei gåve til saudasamfunnet og har sett i gang prosjektet «Engasjert i ditt nærmiljø». 650 000 kroner skal brukast til ei utsmykking eller eit nærmiljøtiltak i sentrumsområdet. Saudabuen skal sjølv få avgjere korleis pengane skal nyttast.

– I dag startar vi ein idékonkurranse. Vi ønsker å skape eit engasjement og ei god forankring lokalt. Ved at saudabuen får ta del i dette har vi tru på at dei får eit eigarfohold til det som til slutt blir resultatet av dette, seier tidlegare banksjef i Sauda Sparebank og nå leiar i Sparebankstiftelsen Sauda, Sivert Sørnes.

Håpar på mange idéar
Juryen stiller nokre kriterier for kva idé som kan sendast inn.
– Målet er å få inn ein idé som kan nyttast i eit område knytt til det sentrumsnære området. Vi vil derfor vere forsiktige med å seie kva ein kan begrense seg til. Det er viktig å ikkje legge band på kreativiteten til folk. Vi vonar folk vil bruke fantasien godt. Plutseleg kjem nokon på noko ingen andre har tenkt på tidlegare. Eg vonar det kjem inn mange forslag, seier Bernt Egil Strømme som er nytilsett banksjef av Saudakontoret.

– Sparebanken Vest er vestlendingane sin bank. Vi ønsker å investere i gode prosjekter i lokalmiljø. Samstundes er gåva eit symbol på vidareføringa av dei verdiane Sauda sparebank i så mange år har stått for, seier Kate Henriksen, som var med på den offisielle opninga.

For å avgjere kva som er den beste idéen er det sett saman ein jury. Elevrådsformann ved Sauda vidaregåande skule, Julie Arnfred Bojesen, styrkeløftar Hildeborg Juvet Hugdal, banksjef Bernt Egil Strømme og ordførar Laura Seltveit skal gjennom fleire møte vurdere kva dei 650 000 kronene skal nyttast til.

– Vi har valgt ut juryen med tanke på å ha ein viss alderssamansetting. I tillegg ønsker vi at den skal representere ulike delar av befolkinga, seier Bernt Egil Strømme som håpar på mange idèar.

 

 

 

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor