Farge

Eiendomsmegler Vest etablert på Voss

2. september etablerte Eiendomsmegler Vest seg med eigedomsmeklar på Vossevangen. Selskapet har hatt kontordagar på Voss sidan mai 2012. Men no blir kontoret fast bemanna.

- Voss er eit vekstområde. Folketalet aukar. Det er planar om forkorting av Bergensbanen. Det vil bringe Voss enda tettare til arbeidsmarknaden i Bergen og gi grunnlag for vidare vekst i kommunen. Voss er ein viktig turistkommune og er største hyttekommunen i Hordaland. Det er klart at me som ein av dei leiande eiendomsmeklarane i Hordaland må være tilstades her, seier regiondirektør Magne Storheim i Eiendomsmegler Vest.

Lokalkunnskap viktig
Kontoret vil dekke Voss og Hardanger.
- Eigedomshandel er for dei fleste oss den største transaksjonen me gjer. Eigedomsmekling krev kunnskap om lokale tilhøve. I tillegg er det nødvendig med kompetanse for å gjere handelen trygg både for kjøpar og seljar, seier eigedomsmeklar Sebastian Gjerde som skal bemanne kontoret på Vossevangen. Han er fødd og oppvaksen i Øystese.

Brei marknadsføring
– Eiendomsmegler Vest legg stor vekt på høg fagleg standard hos alle våre medarbeidarar. Me har ôg eit godt opplegg for marknadsføring av eigedomar som gjer at me når fram til potensielle kjøparar, seier Magne Storheim.

Eiendomsmegler Vest er samlokalisert med Sparebanken Vest, som opna kontor på Voss i mai 2012.

- Sparebanken Vest ynskjer å gi eit komplett tilbod av finansielle tenester til kundane. Dei fleste av oss låner pengar når vi skal kjøpe bustad. Difor er vi glade for at Eiendomsmegler Vest er på plass med fast meklar i same lokale som oss. Vi har mange kundar innom kontoret som etterspør tenester frå eigedomsmeklar, seier avdelingsbanksjef Rigmor Onarheim i Sparebanken Vest.

Framleis i Myrkdalen
Eiendomsmegler Vest har i mange år hatt kontor i Myrkdalen for å betjene den store marknaden for fritidsbustader i kommunen. Det vert bemanna av meklar Tone Ravnanger. Det held fram som før.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor