Farge

- Næringslivet i Sogn og Fjordane går bra og sysselsettinga er høg. Men det er viktig å vera framtidsretta og skape grunnlag for ny utvikling. Det seier Bernt Bergheim frå Sogndal, som er vald til leiar i styret for ei ny næringsstifting som Sparebanken Vest har oppretta i fylket.

Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidear i ein tidlig prosjektfase. Sogn og Fjordane manglar i dag ordningar for dette, seier Bergheim. Han er økonomidirektør i Lerumkonsernet.

Det er sett av 3 millionar kroner til stiftinga frå banken si allmennyttige verksemd, Visjon Vest.
Med seg i styret har Bergheim økonomisjef i Firda Billag Wilhelm Gjertsen, Førde, konserndirektør marknad i NOR TEKSTIL AS Otto Johann Fr Herrmann, Florø, frilansjournalist Oddrun Midtbø, Sogndal, rådgjevar Åslaug Stadheim Ese, Vik i Sogn og ordførar i Høyanger Kjartan Longva. Varamedlemmer er økonomisjef i O Tenden Holding Norleif Stuhaug, Stryn og ordførar i Gaular Jenny Følling.

Stiftinga skal knytte til seg profesjonell forvaltar til å vurdere prosjekt det er aktuelt å gå inn i.

- Ein vil støtte næringsutvikling innanfor alle bransjar, men det hadde vore ekstra kjekt om stiftinga kunne bidra til ny utvikling innanfor dei tradisjonelle vestlandsnæringane, seier banksjef Olav Hjelle i Sparebanken Vest.

Sparebanken Vest kan som sparebank bruke inntil 25 prosent av overskotet til allmennyttige føremål. Banken sin visjon er å vere ei drivkraft for utvikling av næringsliv og samfunnsliv på Vestlandet. Midlar til næringsutvikling er blitt ein stadig viktigare del av den allmennyttige verksemda. Etableringa av stiftinga er eit ledd i dette. Meir informasjon vert lagt ut på heimesida til Sparebanken Vest, www.spv.no, om kort tid.


Kontaktpersonar
Styreleiar Bernt Bergheim tlf. 95 23 29 56
Banksjef Olav Hjelle tlf. 91 71 55 61


Styret i næringsstiftelsen
Frå venstre styremedlemmene Oddrun Midtbø, Kjartan Longva og Åslaug Stadheim Ese, styreleiar Bernt Bergheim, styremedlem Wilhelm Gjertsen, varamedlem Norleif Stuhaug, Olav Hjelle frå Sparebanken Vest og styremedlem Otto Johann Fr Herrmann.




Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor